Ingeborg klar for Norgescup på Konnerud. Bilde frå Suldal IL – Ski

Helga 11-13. januar vart årets første Norges Cup for juniorar arrangert på Konnerud utanfor Drammen. Her var Suldal IL representert med Ingeborg Kristensen Hoftun i K18 år.

Alf Odden melder på Suldal IL – Ski si Facebookgruppe følgande om helga.

Ingeborg har gått på Hovden skigymnas i haust og har lagt ned eit stort treningsarbeid. Det var derfor svært spanande å sjå korleis det ville gå når ho skulle møte resten av landets 18åringar som satsar på langrenn.
Etter helga tydar alt på treningshausten har gitt resultat. Det starta bra allereie på fredag med ein 54 plass på 5km fristil. Ingeborg var ikkje heilt nøgd med plasseringa, men med berre 1.30 min opp til pallen var dette ein sterk prestasjon. Laurdag gjekk det ennå betre på klassisk sprint. Her vart Ingeborg nr 44, men var berre snautt 3 sek unna å gå vidare frå prologen. Søndag smalt Ingeborg til med ein 37 plass på 7.5km klassisk. Dette var hennes nest beste plassering i Norges Cupen så langt og eit svært sterkt resultat.
Første helga gjekk med andre ord svært bra og mykje tydar på at Ingeborg har ennå meir inne. Vi gleder oss til fortsettinga og Suldal IL ønskjer lykke til på den neste norgescuphelga i februar.