Øyvind Røgenes blir med som instruktør

Søndag 17. februar kl. 12 arrangerar me kurs i klassisk skiteknikk i lysløypa. Som instruktør har me fått Suldal sin beste skiløpar, Øyvind Røgenes, kjend frå store langløp i både inn- og utland. Kurset er gratis og meint for medlemmer i Suldal IL. Du stiller med ferdig smurde ski og me prøver å leggje ut smørjetips kvelden før.

Vel møtt!