Sterke resultat av Øyvind Røgenes i helga. Foto frå Suldal IL – ski.

Øyvind ser ut til å være inne i sin beste sesong så langt, og leverte to topplasseringar i helgas turrenn.

Alf Odden melder på Suldal IL – ski si Facebookgruppe følgande:
Laurdag deltok Øyvind, i lag med fleire frå Suldal IL, på den 52km lange Holmenkollmarsjen. Føret var svært vått og tungt, men Øyvind hadde god fart på skiene heile vegen. På grunn av ein dårleg startposisjon fekk han aldri moglegheit til å være med tetgruppa, men Øyvind gjekk seg sakte men sikkert oppover i feltet og gjekk i mål på tida 2.48. Dette haldt til 21 plass i rennet totalt og 12 plass i klassa M25-29år. Dette var ein svært bra debut i Holmenkollmarsjen, og neste år blir det nok ein startposisjon i fremste rekke.


Som om dette ikkje var nok stoppa Øyvind i Svarstad, på veg heim frå Oslo, for å delta i det 41km lange Vindfjelløpet. På tross av tungt føre og 52km i kroppen frå dagen før, greidde Øyvind å være med tetgruppa heile vegen. Gruppa i front vart stadig mindre, og på toppen av løypa etter 30km, var Øyvind og tre andre aleine i tet. I letterrenget kom det opp tre løparar til så det var sju stk som kom saman til mål. Til slutt vart Øyvind nr 5 i rennet totalt og gjekk heilt til topps i M25-29år.
Nå skal Øyvind i gang med ein god treningsperiode før Sesilåmi som er sesongens hovudmål.