Ingeborg kan vera nøgd med innsatsen. Bilde frå Suldal IL – ski si Facebookside.

Ingeborg Kristensen Hoftun er for tida Suldal IL sin einaste juniorløpar som deltek i Norgescupen.

Alf Odden melder på Suldal IL – ski si Facebookside: Ingeborg har hatt ein god sesong og har vist godt att på resultatlistene nasjonalt i K18år. Denne Norgescuphelga på Åsen, tok ho ennå eit steg framover.
Helga starta bra med ein 47 plass på 5km klassisk, og laurdag følgde ho opp med ein 44 plass i fristilsprinten. Noko som er svært solide plasseringar med tanke på at nær 100 av landets beste 18 åringar står på startstreken. Søndag stod 5km fristil på programmet, og Ingeborg dro til med karrierebeste og ein svært imponerande 29 plass.
Med denne topp 30 plasseringa er eit av sesongens hovudmål allereie nådd, og Ingeborg meiner at ho ennå har litt å gå på formmessig.
Suldal IL gledar seg verkeleg til å følgje fortsettinga i NM Junior på Tolga om eit par veker.