Tre hoppande glade jenter etter godt gjennomført klassiskdel. Foto frå Suldal IL – ski si Facebookside.

Tre jenter frå Suldal IL var med på Ungdommens Holmenkollrenn: Anna Krogh, Silje Nerheim og Maria Lunde.

Laurdag var det klassisk, og søndag gjekk dei fristil. Omlag 700 13-14-åringar hadde ei kjempehelg i dei flotte og harde løypene ein kjenner frå fjernsynet. Les gjerne eit meir utfyllande referat i Suldalsposten for dei som har tilgang der.