Trening har gått sin gong heile vinteren, men nå nærmar det seg raskt med kampar i Prestavikjo.

Av og til kolliderer kamp og trening. Andre gonger ønskjer ein å endra treningstida for ei enkelt trening. I hovudmenyen finn ein lenkja Faste treningstider Suldal IL – Vinjar gymsal og Prestavikjo stadion. Der klikkar de dykk vidare på Treningstider gymsalen Vinjar skule 2019 eller Banefordeling Prestavikjo 2019.

Dag-for-dag-kalender ligg også som eigne lenkjer i menyen. Her får ein oversikt over kampar, treningar og eventuelle kollisjonar. Følg med på desse kalenderane! Her er Kalender for PrestavikjoKalender for Vinjar gymsal, og etter kvart alle kampane med lag frå Suldal IL, frå miniknott i Suldalsserien, via Suldalsgutane- og jentene, til seniorlaga våre. Når alle terminlister er klar, vil denne dukka opp.