Suldal I.L. inviterer til det tradisjonsrike turrennet Mosvatnet Rundt. Merk at det også er renn for dei aller yngste. Det er fellesstart for alle klassar.

Dato: 17. mars 2019
Klokka: 13.00
Stad: Gullinghuset, Suldal
Stilart: Klassisk, 25 km (frå 17 år)
Løype: Løypa er ei 8,5 km løype rundt Mosvatnet i lett kupert terreng som vert gått 3 gonger. Start og mål ved Gullinghuset.
Alternativ trase: Ved overvatn på isen eller lite snø vert det lagt ei alternativ løype på austsida av vatnet eller innover Breiastølsdalen til Sandsavatnet.

Miljøklasse 8,5 km (for dei som ynskjer å gå litt kortare)
Trimklasse (går så langt ein sjølv vil, trekking av premiar blant dei som deltek)

Barnerenn 500 meter for klasse G og J 0-7 år
Distanserenn 1 km for klasse G og J 8 år (2. klasse)
Distanserenn 1,5 km for klasse G og J 9-10 år (3.-4. klasse)
Distanserenn 2 km for klasse G og J 11-12 år (5.-6. klasse)
Distanserenn 8,5 km for klasse G og J 13 – 16 år (7.-10. klasse)

Startkontigentar: 0-7 år Gratis
8-12 år 100,-
13-16 år 100.-
Turrenn 200.-
Miljøklasse 200.-
Trim 50.-

Alle startande over 13 år skal ha betalt skilisens gjennom eit idrettslag. Alternativt kan ein løyse eingongslisens når ein betalar startpengar (13-25 år kr 60,- og over 26 år kr. 150,-).

Kiosk og garderobar i Gullinghuset.

Påmelding online via ”Min idrett” eller Sportsadmin, alternativt på e-post: ski@suldal-il.no innan 15.03.2019. Info vert lagt ut på www.suldal-il.no og på Facebook: Suldal IL – Skigruppa