Sauda blei slått 4-1 i herrene sin første treningskamp.

Årets første treningskamp for herrelaget vårt er gjennomført, med stor suksess. Sauda blei slått 4-1, noko som ikkje er heilt daglegdags for oss.

Trenar Arne Abrahamsen melder følgjande:

Hei elskarar av Suldal A-lag!
Idag starta endeleg kampsesongen for oss. Me tok turen til Sauda. Den gråa bygda innerst i Ryfylkebassenget. Me var svært spente på kor me sto i forhold til både Sauda, og oss sjølve.
Me mangla 4 spelarar til kampen, så det blei både to og tre rundar i tenkeboksen med tanke på korleis laget skulle komponerast. Men om usikkerheita var til stades før kampen, så tok det ikkje lang tid før den forsvann! Gutane la ned ein heroisk innsats, og viste at Suldal kjem til å selja seg dyrt i kvar kamp!

Sauda tok leiinga 1-0, men det gjekk ikkje lang tid før me var a jour som det så fint heiter. Ørjan Underbakke utlikna, før Jone Utbjoa kom som eit glidefly og heada inn 2–1 for oss. Ikkje lenge etter sette Vegard Aas inn 3–1, som sto seg til pause. Sauda yppa seg i byrjinga av 2.omg, men dei sprang det fort av seg, og resten av omg. kontrollerte me ganske så bra. Då det gjensto 2 min, kom kampens finaste angrep. Spel gjennom Sauda sin midtbane, ballen ut til Håvard Fatnes, som igjen la ballen vidare ut til Marcus Karlsen som kom på ein herleg overlapp. Innlegget trur eg det var Vegard som traff ganske godt på, men keeper redda og ga retur. Den havna i beina på Mohammed Dawud, som kontrollert sette ballen i mål til 4-1 siger for oss. Vakkert!!!!


Klarer me å gjenskape den gode innsatsen og det gode spelet frå idag, så kan det bli nokre kjekke og underhaldande laurdagar i Prestavikjo til våren!
Me prøvde ut 4-3-3 idag, og det ser ut som at det er ein formasjon som passar oss svært bra.
Med dette ynskjer eg alle fotballelskarar ein fin laurdagskveld, og ei fin helg elles.
Heia Suldal!

Lag:

Jørgen Mikkelsen – Haakon E. Mehus, Jon Erik Liset, Håvard Fatnes, Torjus Steine, Bjørn Wigestrand, Knut Foldøy, Marcus Karlsen, Christian Smithson, Ørjan Underbakke, Jone Utbjoa, Vegard Aas, Mohammed Dawud, Dawud Dawud.