Torsdag 14. mars blei tredje og siste karusellrenn arrangert i lysløypa ved Mosvatnet.

I ein vinter prega av lite snø og fleire utsetjingar av karusellrenn fekk endeleg skiløparane gode forhold denne torsdagen i mars. Nysnøen kom og sjølv om det kunne vera nokre utfordringar med skismurninga, såg ein mange fornøgde løparar og friske fråspark. Sidan ein i år kun fekk arrangert tre renn, fekk alle som hadde delteke på minst to renn, premie.  I alt var det 241 deltakarar og med mest like mange foreldre, besteforeldre og sysken i støtteapparatet, var det eit yrande liv og travel kiosk. Sjå vedlegga med deltakarane i dei ulike klassane og samanlagtplasseringane for dei som gjekk på tid. Resultata frå torsdagens renn ligg òg ved. Det var mellom anna stor deltaking i aspirantklassen, så dette lovar godt for åra framover! Me prøver å kontakta dei som skal ha premie, men som ikkje var til stades under premieutdelinga. Om nokon etter dette framleis saknar sin premie tek de kontakt på ski@suldal-il.no eller tlf 95944128.

Snart klar til start!

Og skisesongen er ikkje slutt! I skrivande stund snøar det på Gullingen og skiforholda blir endå betre. Dette lovar bra for turrennet Mosvatnet Rundt søndag 17. mars. Dette er eit renn for alle med klassar for både aktive løparar, mosjonistar, barn, unge og gamle. Sjå info om rennet på denne sida, suldal-il.no.

Telenorkarusellen 2019 – Aspirant Telenorkarusellen 2019 – Trim Telenorkarusellen 2019 – Samanlagt Skikarusell resultat 2019-3