Søndag 17. mars gjekk turrennet Mosvatnet Rundt av stabelen. På grunn av lite snø i terrenget rundt sjølve Mosvatnet, gjekk løypa i år frå lysløypa, ut til Hedlebrekk og Svardalsheia.

Runden blei gått to gonger og ved passering på stadion fekk løparane drikke og blei møtte av eit begeistra publikum. Med kjærkomen nysnø, men noko utfordrande smørjeforhold var det i år Gunnbjørg Hetlesæter frå Hjelmeland IL og heimefavoritten Øyvind Røgenes, Suldal IL som vann høvevis kvinne- og herreklassa i det vel to mil lange turrennet. Hetlesæter tok med dette sitt tredje napp i vandrepokalen og fekk den då til odel og eige.
Samstundes med turrennet blei det arrangert distanserenn for alle mellom to og 16 år. Med smått og stort stilte 87 løparar til start, men det hadde vore god plass til fleire, både i turrennet og distanserennet.
Resultat Mosvatnet Rundt 2019

Erlend Widerøe Hennig i tet ei stund

Sindre Vik i front

Vinnar av herreklassen, Øyvind Røgenes

Vinnar av kvinneklassen og vandrepokal, Gunnbjørg Hetlesæter

Klasse 0-7 år klare for start

Alltid like fengande speaker, Torill Tellstad, tett på løparane i barnerennet