I helga var det duka for krinsmeisterskap -del to, på Tjørhom i Sirdal . Skirenna samla 250 løparar frå Rogaland, Aust- og Vest-Agder og suldølen viste igjen, godt att på resultatlistene.

Laurdagen var det klassisk distanserenn på programmet, og med èi plussgrad og snø i lufta var det litt utfordringar med skismurninga kor valet stod mellom rubb og klister.
Det blir kåra krinsmeistarar frå og med 13 år, og dei yngste løparane til og med 10 år blir ikkje rangerte. Simon Bakka synte god fart i klasse 9 år, og dette blei følgd godt opp med Daniel Bakka og Vilde Tjøstheim i klasse 10 år, gutar og jenter.

Tobias, Thomas, Daniel, Ella, Vilde, Mathea, Simon og Roald

I klasse gutar 11 år, gjekk Roald Emuge Oluka sitt første krinsrenn og gjorde eit veldig godt løp. Det vart klassesiger i gutar 12 år med Thomas Bakka og Tobias Lunde rett bak på tredje plass medan det blei dobbelt frå Suldal i jenter 12 år. Mathea Vik kjempa seg til første plass, 1,9 sekund føre Ella Tjøstheim.
Sindre Vik konkurrerte som før i den tøffe 16-års klassen og gjorde eit godt løp, men var noko uheldig med stavbrekk. I seniorklassen sette Øyvind Røgenes god fart i sporet og leia frå start til mål og blei på nytt krinsmeister! Dette vart følgd opp med friske fråspark frå Lars Lunde.


Søndagen var det klart for sprintstafett kor kvart lag hadde to løparar som gjekk tre etappar kvar. Dette er ei konkurranseform prega av stor fart og mykje spenning med tette duellar. Suldal IL stilte med seks lag. I skøyteteknikk kjempa Simon og Vilde godt i eit stort felt med ni- og tiåringar. Det same gjorde Roald og Daniel i gutar 11 og 12 år kor Tobias og Thomas gjekk heilt til topps. I jenter 12 år avgjorde Mathea og Ella stafetten tidleg og gjekk til topps med god margin.
Sindre og Øyvind stilte lag i seniorklassen saman med Lars Lunde og Lars Ivar Øie. Dei kjempa godt i eit tøft startfelt kor løparane frå Suldal nok kunne tenkt seg litt lenger distansar.
Vinteren går nå mot slutten og løparane frå Suldal kan sjå tilbake på ein sesong med mange flotte resultat i skirenn, både heime og ute.

Resultater-Gjesdalburennet-2019-KM-klassisk Resultat_KM_Sprintstafett_2019

Vilde og Simon etter flott stafettinnsats.

Daniel og Roald på same lag i sprintstafetten

Thomas og Tobias sikra seg førsteplassen i stafetten

Ella og Mathea etter klar siger i stafetten

Veksling og først i løypa!

Lars Lunde hadde ankeretappa i stafetten

Sindre Vik gjekk ankeretappen for eitt av Suldal sine seniorlag.

Lars Ivar Øie nærmar seg toppen i dei tøffe løypene på Tjørhom

Krinsmeister på rubbski!

Klar for start!