I helga har me hatt seks lag og omlag 50 spelarar med på Saudacup.

Laga me hadde med var to lag i Mix 7-år, G9, J9, G10 og G11. Det er flott at me stiller med så mange lag, spelarar, trenarar og foreldre på denne cupen, det er positivt for oss å ha ein cup i nabokommunen me kan reisa til. 

I år skulle alle laga spela begge dagane, i motsetning til tidlegare der ein blir ferdig med alle kampane på ein dag. Denne omlegginga gjorde nok at me stilt med færre lag og spelarar enn me kunne gjort om ein blei ferdig på ein dag. Det positive er at alle har fått spelt svært mykje fotball i løpet av desse to dagane. Nokre lag vann det meste dei spelte, nokre hadde mange jamne oppgjer, og nokre av laga møtte for sterk motstand. Det gjer ikkje så mykje for dei minste å tapa jamne kampar, men om ein taper med store siffer så er det sjølvsagt ikkje så kjekt. I aldersgruppa 6-12 år skal ein ikkje føra resultat, så tabellar og resultatlister finst ikkje.

Finvêret me har hatt ei heil stund forlot oss til denne helga. Litt regn, noko lågare temperaturar og lite sol, men likevel mykje fotballglede. Laurdagen var den store dagen der mest skjedde. Etter fotballkampane var det mange som nytta høvet til å bada i badeanlegg i det flotte ute- og innebadeanlegget dei har. Så var det preimieutdeling, og for dei som blei igjen i Sauda til neste dag var det også disco. Søndag var det altså på an igjen for alle, men denne dagen var det kun fotball (og sikkert litt kiosk) det handla om.

Det er kjekt at Sauda IL satsar på å laga til cup, me har lyst til å halda fram med å reisa til denne. Målet er at alle spelarane våre i alderen 1.-6. klasse får ein god generalprøve før Suldalsserien startar på denne cupen. Me kjem til å gi innspel på ting me likte godt og ting me kan ønskja oss endring på. Så blir det spennande og sjå korleis turneringa utviklar seg. Me håpar også at me kan få med oss mange lag frå dei andre idrettslaga i kommunen. I år stilte Erfjord IL med eit lag i tillegg til våre lag.

Som vanleg har me opptil fleire gode og ivrige fotografar med på turnering. Her kjem mange kjekke bilde frå alle laga, og eit par videosnuttar frå miniknott.