To mål og ein målgjevande må seiast å vera bra av Tore!

Så var det duka for årets første heimekamp på Prestavikjo Stadion. Motstandar var Storhaug.

Det er eit lag som har vore så høgt oppe som 4.div, men som har funne plassen sin litt lengre ned i div.systemet etter kvart.
Det var ein gjeng heiltente gutar/menn som gjekk på bana med det mål for auga, nemleg å få med seg 3 poeng.
Kampen starta litt avventande frå begge lag. Me hadde god kontroll defensivt, men sleit litt med pasningsspelet. Men etter å ha fått eit visst trykk på Storhaug, blei me belønna med straffespark, som Knut Foldøy resolutt gjekk fram for å ta. Han virka veldig sjølsikker, men diverre for oss og han sjøl, gjekk straffen over mål. Men det gjekk ikkje lenge før me fekk vår fortjente leiing. Tore Bendiksen Søraas scora, assistert av Jone Utbjoa, og dermed gjekk laga til pause med 1-0 til Suldal?

 

Før 2.omg starta, blei me einige om at pasningsspelet måtte skjerpast betrakteleg! Men teori og praksis stemmer ikkje alltid heilt, og me hadde fortsatt visse problem med pasningane. Det betra seg imidlertid, og då kom sjansane og. Rett før halvspelt omgang fekk Tore krangla inn sitt andre for dagen, og ikkje lenge etter blei Vegard Aas spelt gjennom av Tore, og med ein nydeleg lobb var med i leiing med 3-0!
Me slapp oss ned litt det sista kvarteret, og då fekk me eit mål i fleisen, men me klarte å ro det i land til siger 3–1. Eit fortjent resultat.
Litt kjipt var det at nysigneringa Øystein Nærheim måtte ut med ankelskade rett før pause, men det ser ut for at det ikkje er altfor alvorleg. Det er to veker til neste kamp. Også det i Prestavikjo, så då reknar me med at publikum kjenner si besøkelsestid?
Me treng dykk???

Fakta

Tabell er her.

Kamptroppen

Klikk på namna for å få NFF sine fakta om spelarane.