Det vart 3 poeng i nabooppgjeret mot Hjelmeland. Her er kampreferatet frå trenaren:

Hei alle fotballelskarar?
I kveld reiste me til Hjelmeland for å møta eit i utgangspunktet frykta heimelag. Det gjorde ikkje saka betre at me hadde forfall frå 6! spelarar. Må sei eg var svært usikker på korleis det skulle gå…
Men det viste seg fort at usikkerheita var totalt grunnlaus! Makan til innsats og offervilje har eg ikkje sett hos dette laget før! Kombinert med fantastisk godt spel, så måtte det nesten bare bli siger! 

Me tok tak i kampen frå første stund. Det var tydeleg at her skulle me selge oss svært dyrt! Me fekk løn for strevet etter 28 min av første omg. Tore krangla med seg ballen langs dødlinja, før han tok ballen med seg på skrå mot 5-meteren før han sette ballen i mål. Ein glimrande prestasjon?
Me fortsette å produsera sjanser, men slit med å omsette dei i mål.

I andre omg. får Hjelmeland frispark som blir slått rett på mål. Jørgen er svært uheldig, og ballen glipp mellom hanskane, og dermed 1–1. Men dei som trudde guten let seg affisera av dette, skulle ta grundig feil! Resten av kampen sto han prikkfritt i målet, noko det står skikkeleg respekt av??Sterkt Jørgen??

Etter 65 min får me eit korrekt idømt straffespark. Villminken Jone set straffa leikande lett i mål, og dermed leiing 2–1! Me hadde full kontroll resten av kampen, og kunne innkassere 3 meget fortjente poeng.

På sundag førstkomande, spelar me heime i Prestavikjo mot Brodd 3. Eit lag beståande av bare polske spelarar.
Oppmodar med dette folk til å gå mann av huse for å hjelpa kommunens fotballstolthet til 3 nye poeng??
Kampen byrjar kl.13.00
Vel møtt, og HEIA SULDAL⚽️⚽️⚽️

Sjå Strandbuen sin versjon av kampen her.

Fakta:

Mål:

23 min: 0-1: Tore B. Søraas, assist av Knut H. Foldøy

65 min: 1-1: Hjelmeland

69 min: 1-2: Jone Utbjoa (straffe)

Gule kort:

Jone Utbjoa og Håvard Fatnes

Suldal