Brodd 3 Polonia

A-laget er  i siget og drog søndag i land den andre 2-1-sigeren for veka. Nå er Suldal eitt av tre lag på topp med 12 poeng.

Trenar Arne Abrahamsen rapporterer:

Hei alle saman🤗 I skrivande stund så har fortsatt ikkje underteikna landa skikkeleg. Det var nemleg ein svært krevjande kamp, både for spelarar og ikkje minst støtteapparat.
Me sto framføre ei litt annleis utfordring då me møtte til kamp i dag. Motstandaren var Brodd 3. Eit lag beståande utelukkande av polakkar. Dei hadde rykte på seg for å spela på grensa av det som var lovleg, men idag var dei til tider langt over grensa og.
Mykje av årsaka til det, var at dommaren ikkje møtte opp. Det var kretsen som hadde rota det til både for seg sjølve, og ikkje minst begge laga. Men i slike tilfeller har laga eit ansvar for å få kampen spelt, og då blir som regel begge lag einige om å dømma 1.omg kvar. Suldal stilte med Torbjørn Indrebø i første omg, og han gjorde ein framifrå jobb👋 Brodd dømte 2.omg, og dommaren som bles då, gjorde langt i frå like god jobb. Men heldigvis klarte me å holda hovudet kaldt. Honnør til gutane for det👍👍👍
1. omg starta svært bra for oss, med scoring allereie etter 2.min. Så byrja me å rote det til for oss, og avslutta omg. noko haltande, sjølv om me gjekk til pause med 2-0 leiing.
2.omg blei ein krig, og dommaren bidrog i stor grad til det. Det må seiast at med ein nøytral dommar, så er det nok svært tvilsamt om Brodd hadde fått fullført kampen med 11 mann!
Dei fekk eit trøstemål eit kvarter ut i omg, og sjølv om me hadde muligheter til å punktera kampen, så blei det med dei 3 måla, og dermed siger 2–1, noko som må seiast var fortjent.
Neste kamp er ikkje før 7.juni, borte mot Hundvåg 2. Den blir svært viktig om me skal klare å halde oss i toppen av tabellen.
Så ein takk til publikum som møtte opp og skapte ei fin ramme rundt kampen🤗 Velkomne attende til neste heimekamp, og berre så det er sagt, så er det plass til mange fleire tilskodarar👍😉
Sportsleg helsing frå Happy😉😉😉

Fakta:

Tabellen ser de her.

Mål:

2 min: 1-0: Tore Bendiksen Søraas, assist Ingve Berge

40 min: 2-0: Ingve Berge, assist Vegard Aas

52 min: 2-1: Brodd 3

Gule kort:

To til Suldal og to til Brodd 3.

Spelarar Suldal: