Det har vore ei aktiv, men svært god veke for laga til Suldal IL i kretsseriane.

Flaggskipa våre, seniorlaga, har full pott. Herrene starta med ein sterk bortesiger 1-2 mot Hjelmeland på tysdag, og avslutta veka med ein minst like sterk heimesiger 2-1 mot Brodd 3. Dette resulterte i delt tabelltopp etter fem kampar.

Damelaget hadde sin første seriekamp for sesongen på torsdag, også her blei det 2-1 siger og ein super start på sesongen.

Suldalsgutane- og jentene har sjølvsagt vore i aksjon. G16 fekk ein overbevisande 8-1 siger mot Etne og ligg på andre plass, G14 spelte ein jamn kamp borte mot Stegaberg, men tapte knepent 3-2, mens J17 sikra 2. plass på tabellen med 3-5 siger borte mot Djerv 1919.

Elles har den lokale Suldalsserien rulla, der det sist søndag var oppstart for ungdomsskuleserien med dobbel runde for alle laga i Prestavikjo. Her tok Suldal med seg to solide sigrar vidare til neste runde. Dei andre laga til Suldal var også i aksjon på torsdag, både i Prestavikjo og elles rundt om i kommunen. Torsdagar med mange kampar i Prestavikjo og kiosk, er ein flott måte å avslutta veka på.

Møt opp i Prestavikjo ved neste høve, det er framleis mykje å få med seg! Her er kampprogrammet.