Ungdomsskuleserien i Suldalsserien er i gong, men i ei anna utgåve enn tidlegare.

I år har me gjort om på den tradisjonelle ungdomsskuleserien, der laga møtte kvarandre i enkeltkampar rundt om i grendene. Det viste seg at det blei vanskeleg å få nok spelarar til alle kampane, og det var ikkje så stor interesse rundt kampane. Desse kampane kolliderte også av og til med Suldalsgutane- og jentene sine kampar og treningar Dette ønska me å gjera noko med i år.

Denne sesongen samlar me alle sju laga til fellesrunde tre gonger. I kvar runde spelar alle laga to kampar kvar, slik at ein etter tre samlingar har møtt alle laga. I kvar samling er det sju kampar totalt. Kampoppsett for heile ungdomsskuleserien finn du her.

Søndag 19. mai gjekk den første runden i Prestavikjo. Strålande vêr sette ei flott ramme rundt kampane. Det vart nokre tette kampar, og nokre kampar der det eine laget var noko betre enn det andre. Her er resultata frå samling 1:

Kamp 1 U1 Erfjord – Nesflaten 1600 9-1
Kamp 2 U2 Suldal – Haugil 1600 10-2
Kamp 3 U3 Sand 2- Røldal 1700 1-9
Kamp 4 U4 Nesflaten – Suldal 1800 2-9
Kamp 5 U5 Haugil – Sand 1 1800 2-2
Kamp 6 U6 Sand 1 – Sand 2 1900 Utsett
Kamp 7 U7 Erfjord – Røldal 1900 2-5
Ferdig 2000

Neste runde er på Sand tysdag 28. mai, mens siste runde blir på Kjølvikstølen på Ropeidhalvøya søndag 16. juni.