Spelarar og trenarar på kurset.

14. mai samla 25 trenarar frå klubbane i Suldal seg til trenarkurs i regi av Christoffer Kydland frå FK Haugesund-akademiet. 

Kurset kjem som følger av at FK Haugesund ønskjer å få til samarbeid med breiddeklubbane i regionen, slik at ein både held så mange som mogleg av ungane i fotballen lengst mogleg, og at ein kan få fram lokale toppspelarar på sikt. Ein kan lesa meir om bakgrunnen i artikkelen Her dyrker FKH kjærligheten til breddeklubbene.

Ein skal nok ikkje sjå vekk frå at ein tidlegare Suldal Billag-sjef med hjarta både i Suldal og FK Haugesund har hatt ein finger med i spelet for at me har fått dette tilbodet….

Det meir tradisjonelle gruppebildet.

Alle klubbane i kommunen blei inviterte til kurset i Prestavikjo, og alle klubbane var representert. Det var veldig kjekt for trenarane på ulike lag og ulike klubbar å komma saman til ei samling, der ein kan få utveksla erfaringar og bli betre kjent. Suldalsserien er for å ha det kjekt, men det er også kjekt å utvikla seg og få nye impulsar.

Kurset starta med ein time teori, der nokre av trenarane på slutten fekk i oppdrag å planlegga og gjennomføra ei øving på ei praktisk trening. Lilleputtlaget til Suldal IL stilte velvillig opp som øvingsobjekt, og det såg ut til at dei hadde ei svært kjekk økt leia av energiske trenarar, og under kyndig oppsyn av kurshaldaren. Her er ein video av ei oppvarmingsøving: Samla ballar.

Det er viktig at ein har eit mål for økta, og noko konkret ein vil leggja fokus på og komma med konkrete tilbakemeldingar på under ei treningsøkt. Elles kan tilbakemeldingane lett bli for generelle treninga for utsrukturert. Tema for denne treningsøkta var førsteforsvarar. Før økta var det nok mange av spelarane som ikkje hadde høyrt dette uttrykket før. Nå veit alle lilleputtspelarane litt om kva ein førsteforsvarar gjer. Ei av øvingane gjekk slik: Førsteforsvarar.

Mot slutten av økta gjekk Kydland sjølv inn og hadde nokre artige og intense konkurransar som fekk både spelarar og trenarar til å vera på hugget. Leik er viktig, og ein skal alltid få fram smilet under ei trening, sjølv om det er aldri så seriøst når ein kjem opp på eit visst nivå. Sjekk video på følgande lenkje: Ta ballen!

Trenarane instruerer spelarane før øvinga.

Kurset blei avslutta med ein ny time teori på pauserommet til Statkraft. Der blei treninga evaluert, og ein del gode tips gitt. Skal ein halda på spelarane og få dei til å komma tilbake på neste trening, må ein visa alle at ein ser dei kvar gong, bruka namna deira, og takka for økta på ein måte som lagar ein slags kontrakt for å komma igjen neste gong. High five og «snakkes neste trening» kan vera nok.

Trenarane i dei ulike laga til Haugil IL, Jelsa IL, Erfjord IL, IL Sand, Suldal IL og Nesflaten IL har fått tilgang til appen Skillrace, som er eit verktøy for trenarar til å planlegga og få inspirasjon til treningane på ein rask og kvalitetssikra måte. Me håpar trenarane prøver ut appen, og så håpar me ikkje minst at Christoffer Kydland og FKH-akademiet kjem tilbake og held fleire inspirerande kurs for oss.