Damene sin andre kamp for sesongen enda med tap. Her kjem referatet.

Me møtte eit sterkt lag som spelar god fotball ilag på Frakkagjerde i dag, suldaldalsdamene gav dei hard motstand og etter 20min banka Mathilde Nerheim ballen i mål på corner.
Me var uheldige og sette eit sjølvmål rett før pause, så me går til pause med 1-1.

I andre omgang startar me jamnt, men Falkeid/Skjold /Stegaberg har meir friske bein enn oss så kampen endar til slutt 3-1.
Mina Lunde sto som ein vegg i mål, og alle spelarane kjempa til siste slutt, så me er godt fornøyd me dagenskamp. Nå ladar me opp til ny kamp i Prestavikjo mot Bremnes mandag 10 juni😊


Lagoppstilling : Mina Lunde, Stina Tveiten, Åshild Tveit Vårvik, Sofie-Eilin Våge, Kristina Kvæstad, Ane Hoås Foldøy, Mathilde Nerheim, Kristine Bøe Berge, Helene Hammer Vaage(Kaptein), Lina Baustad Hoås, Siri Håranes Eide. Innbyttarar: Maria Groven og Kristin Austarå

Kampreferent og superfan: Silje Lovra