Leiar i Suldal IL, Aslak Moe og Stig Morten Nerheim i Sparebanken Vest er einige om hovudsponsoravtale.

Sparebanken Vest har lenge vore ein viktig bidragsytar til Suldal IL gjennom støtte til ulike investeringsprosjekt, men med verknad frå 2.juni vil Sparebanken Vest også inngå som ein hovudsponsor til drifta av idrettslaget saman med Statkraft og Haugaland Kraft. Suldal IL har stor tru på dette samarbeidet, og Sparebanken Vest sine bidrag vil vera med og sikra og styrka idrettslaget sitt høge aktivitetsnivå. Sponsorsavtalen varer i ut 2021, men intensjonen til begge partar er at dette skal bli eit langvarig samarbeid under mottoet Saman gjer vi det betre!
Suldal IL ynskjer i same anledning og takka tidlegare hovudsponsor Sparebank 1 SR-Bank/Eiendomsmegler1 for eit langt og godt samarbeid.»