Også i år tok Mikkel Kral med seg laget sitt til Midtbygdens IL sin RT Cup på Tau. I år konkurrerte dei i G10 Mix. Her er eit lite referat.

Lagbilde G10 Mix RT Cup 2019

Ein kjekk cup. G10 mix (6 gutar og 2 jenter med erfaring med 7’er fotball) med Mikkel som trenar stilte i 7’ar-fotball. Laget frå Suldal IL møtte Staal (Jørpeland), Hjelmeland og MIL ( Midtbygdens Tau), og fekk gode resultat i desse kampane. (Resultat frå barnefotball skal ikkje gjerast offentlege, derfor er ikkje dei med her i referatet.) Ungane var kjempeflinke. Dei hadde hatt eit par ekstra treninger før sjølve cupen, og viste godt samarbeid på banen på Tau. Supportarane kan ikkje klaga på spenning i kampane heller. På cupen gjekk det an å testa skotfoten med lasermålar. Her vann Ondra seg ein fotball då han i G10-klassen skaut ballen i 75 km/t. Spelarane har fått ein ny premie på hylla, og vannflaske. Etter cupen gjekk laget på Pizzabakeren på Tau og trenaren spanderte sjokolade til alle. (Vi hadde plan om å bada i fjorden på Hjelmeland som i fjor, men i staden for 30 pluss i 2018, var me glade for maks 13+ denne gongen.? Men til tross for kald 1.juni var alle fornøyde med dagen.)