Puljevinnarar 2. divisjon G15/16 2019 vår! Foto: Tamara Roganovic.

Suldalsgutane sitt G16-lag vann vårserien i G15/16 2. divisjon avdeling 3 med ein overbevisande 8-0-siger mot Sauda tysdag.

Suldal vann sju av dei åtte kampane sine, og enda opp med ein solid målforskjell på +41 mål. Før kampen så var det litt spenning rundt kven som skulle vinna serien. Suldal og Stegaberg stod med 18 pooeng kvar. Suldal hadde 33 plussmål, mens Stegaberg hadde 31 plussmål. Suldal sin kamp starta kl 19.00 i Prestavikjo mot Sauda, mens Stegaberg skulle spela borte mot Falkeid Bokn kl 20.00. 

Det var ikkje noko å lura på, berre til å få meir mål enn Stegaberg, og sjølvsagt vinna kampen. I trenar Arne Vatland sin Nordsjø-turnus, har Torjus Steine og Isak Berge Espe teke svært godt vare på laget. Det var ein spent trenar som fulgte med på Facebookgruppa denne ettermiddagen.

Heldigvis såg det ut til at Suldalsgutane gjorde jobben, alt etter 2 minutt skåra David Roganovic Larsen det første målet. Same mann dobla etter 18 minutt spel, før Tom Lukas van Ruiven sette inn 3-0 før pause. Var dette god nok skåringsfrekvens?

I andre omgang vart det heldigvis fleire mål, Vemund Vatland, Andreras Smedsrud, Vilhelm Leirvik, Tom Lukas van Ruiven og Nils Erfjord Håranes putta jamnt og trutt slik at det blei åtte mål rette vegen. Bak ordna forsvaret saman med målvakt Jørgen Andre Mikkelsen opp slik at det ikkje vart mål i mot.

Så var det til å venta på resultatet frå Falkeid Bokn – Stegaberg. Det kunne sjå ut til å bli ein durabeleg kamp om førsteplassen, for Stegaberg leia 3-0 alt etter halvtimen. Skulle dei skåra fleire mål enn Suldal!? At dei skulle vinna kampen såg nå sikkert ut, sjølv om Falkeid Bokn reduserte rett før pause.

I andre omgang hadde det vore interessant å visst kva som skjedde, for må Stegaberg ha møtt ein vegg, og heimelaget funne ein magisk formel. Heimelaget skåra seks mål på rad og snudde kampen fullstendig. Stegaberg fekk eit trøstemål mot slutten, men med 7-4-siger til Falkeid Bokn, måtte Stegaberg ta til takke med andreplass, og Suldal står igjen som puljevinnar. Gratulerer!

Så skal me heilt til slutt seia at Suldalsgutane har hatt dispensasjon til å spela med G16-lag i 15-årsserien på grunn av at det ikkje var nok lag til å laga ei rein 16-årspulje. Me hadde nok eldre spelarar enn motstandarane, men kampane skal likevel vinnast.

Suldal 1 9er

Sjå her for tabell og resultat.

Kjekt at det gjekk så godt med laget, då det såg litt skummelt ut i vinter om me hadde nok spelarar og trenarar til å stilla lag. Heldigvis samla spelarane seg, Arne Vatland tok roret og fekk med seg solid hjelp frå nemnde Torjus Steine og Isak Berge Espe. Og som alltid støttar foreldre opp rundt laget, utan bidrag frå føresette så går det ikkje å reisa heile Haugalandet rundt midt i vekene.

Nå blir det spennande og sjå kva framtida bringer med tanke på nye generasjonar Suldalsgutar- og jenter.