Flott ver og mykje folk skapte ei fin ramme rundt den andre heimekampen til damelaget.

I første omgang haldt Suldal godt følgje med laget frå Bømlo, sjølv om det nok var Bremnes som hadde ballen mest. Etter eit kvarter fekk dei betalt for presset sitt og skåra sitt første mål. Suldalsdamene kjempa seg heldigvis inn i kampen, og etter halvtimen utlikna Lina Baustad Hoås etter å ha gått over halve banen med ballen. Dessverre svarte dei kvitkledde kjapt og gjekk opp i leiinga 2-1.

I andre omgang såg det skummelt ut då gjestene skåra nok eit mål, men Kristine Bøe Berge ville ha spenning i kampen framleis. Ho gav alt i duell på kanten av straffefeltet og fekk sett ballen i mål. For dette måtte ho tåla både ein trøkk i ryggen og i nakken. Heldigvis reiste ho seg etter ein liten pust i bakken.

Mens publikum nå hadde eit håp om utlikning, ville Bremnes det annleis, dei skåra nok eit mål, og dermed gjekk piffen litt ut av suldalsdamene. På slutten fekk bortelaget nok eit par mål, deriblandt på ein litt billig straffe. Resultatet blei dermed 2-6, men det var nok eit par mål meir i mot enn det damene fortente i dag. Suldal hadde sanneleg sine sjansar også, men marginene var ikkje med laget i dag. Håpar ikkje skadene i det siste set stoppar for neste kamp for nokon av damene, på måndag er det bortekamp mot laget med det enkle namnet Vedavåg Karmøy/Kopervik/Skudenes/Åkra jr 1!

Kampfakta:

Suldal sitt lag: