På søndag går siste runde i ungdomsskuleserien av stabelen på Kjølvikstølen på Ropeidhalvøya. 

Etter at alle bortsett frå dei to Sandslaga har spelt fire kampar, er det Suldal som står som einaste lag med full pott. På plassen bak ligg Røldal, som etter tre strake sigrar gjekk på eit tap mot Sand 1 i runden som gjekk på Sand. Dersom Sand 1 vinn hengekampen sin mot Sand 2 vil dei gå inn på tredjeplass, rett framfor fjorårsvinnarane Erfjord. Vinn Sand 2 derimot denne kampen, melder dei seg absolutt på i midtsjiktet av tabellen, saman med Nesflaten og Haugil. 

Kampane startar kl 12.00 på søndag, og kl 16.00 blir det preimieutdeling for Suldalsserien for ungdomsskulelag 2019. Kven som stikk av med den gjevasta pokalen kan avgjerast alt i første kamp, når nummer 1 og 2 på tabellen; Suldal – Røldal barkar saman, men laget som før søndagen ligg på 3. plass kan med maks uttelling også kanskje stå på toppen.

Haugil IL stiller med kiosk og lagar nok ei fin ramme rundt finalerunden, sjølv om vêrprognosene viser fare for regn.

Tabell så lang:

Plass Lag Kampar Siger Uavgjort Tap Mål for Mål mot Mål +/- Poeng
1 Suldal 4 4 0 0 27 9 18 12
2 Røldal 4 3 0 1 24 13 11 9
3 Erfjord 4 2 0 2 23 10 13 6
4 Sand 1 3 1 1 1 14 9 5 4
5 Nesflaten 4 1 1 2 12 24 -12 4
6 Haugil 4 0 2 2 7 22 -15 2
7 Sand 2 3 0 0 3 4 24 -20 0

Resultat så langt:

Runde: Samling 1
Dato: Søndag 19. mai
Stad: Suldalsosen
Dommarar: Tre frå Suldal og ein frå Røldal. Kl Resultat
Kamp 1 U1 Erfjord – Nesflaten 1600 9-1
Kamp 2 U2 Suldal – Haugil 1600 10-2
Kamp 3 U3 Sand 2- Røldal 1700 1-9
Kamp 4 U4 Nesflaten – Suldal 1800 2-9
Kamp 5 U5 Haugil – Sand 1 1800 2-2
Kamp 6 U6 Sand 1 – Sand 2 1900 Utsatt
Kamp 7 U7 Erfjord – Røldal 1900 2-5
Ferdig 2000
Runde: Samling 2
Dato: Tysdag 28. mai
Stad: Sand
Dommarar: Tre frå Sand og ein frå Erfjord Kl Resultat
Kamp 1 U8 Suldal – Sand 1 1700 4-2
Kamp 2 U9 Erfjord – Sand 2 1700 9-0
Kamp 3 U10 Haugil – Røldal 1800 0-7
Kamp 4 U11 Erfjord – Suldal 1900 3-4
Kamp 5 U12 Nesflaten – Sand 2 1900 6-3
Kamp 6 U13 Nesflaten – Haugil 2000 3-3
Kamp 7 U14 Sand 1 – Røldal 2000 10-3
Ferdig 2100

Kampar på søndag:

Runde: Samling 3
Dato: Søndag 16. juni
Stad: Kjølvikstølen, Ropeidhalvøya
Dommarar: To frå Haugil og to frå Erfjord Kl Resultat Dommar
Kamp 1 U15 Suldal – Røldal 1200 Haugil nr 1
Kamp 2 U16 Haugil – Sand 2 1200 Erfjord nr 1
Kamp 3 U17 Erfjord – Sand 1 1300 Haugil nr 2
U18 Nesflaten – Røldal 1300 Erfjord nr 2
Kamp 4
Kamp 5 U19 Suldal – Sand 2 1400 Haugil nr 1
Kamp 6 U20 Erfjord – Haugil 1500 Erfjord nr 1
Kamp 7 U21 Nesflaten – Sand 1 1500 Haugil nr 2
Premieutdeling 1600