Når sjansen til å klatra heilt til topps på tabellen var der, så ville det seg ikkje borte mot Hundvåg 2 sist fredag.

Ein skulle tru at Trave på Ryfylkedagane skulle lokka spelarane til å ta ein tre-poengar, men til pause leia Hundvåg 2  2-0. Kva som blei sagt i garderoben då, vil eg tippa ikkje er for sarte sjeler. Heimelaget skåra i tillegg først i andre omgang også, slik at det stod heile 3-0 før Suldal kom i målprotokollen. 

Kanskje augna ein håp då Ingve Berge reduserte etter ein times spel etter målgivande frå Mohammed Ibrahim Dawud. Like etter blei Ingve felt slik at Jone Utbjoa kunne setta straffen i mål til 3-2. Skulle Suldal snu dette?

Neidå. Hundvåg gjekk opp til 4-2 fem minutt før full tid, så då Ingve nok ein gong blei felt i straffefeltet på overtid, vart det berre pynt på resultatet då Tore Bendiksen Søraas sette ballen i mål frå straffefeltet.

Ny bortekamp på fredag, denne gong mot topplaget Paradis. Det blir ein tøff kamp, men om ein er skikkeleg påskrudd og har ein god dag saman, kan ein absolutt klå laget frå Storhaug.

Sjå her for tabell.

Fakta:

Suldal