Det vart siger i første kamp etter sommaren, ein kamp som eigentleg høyrer til vårsesongen.

Etter at amatørane hadde spelt frå seg i årets utgåve av Gredacupen, var det proffane sin tur på kunstgraset i Prestavikjo. Ein gammal kjenning, nemleg Vaulen 2, kom på besøk. I vårsesongen vann Suldal fem kampar og tapte tre, så med denne sigeren er me nå oppe i seks sigrar, 18 poeng og 3. plass på tabellen når sesongen er halvspelt. Det er berre tre poeng opp til dei to leiarlaga Pol og Paradis. Paradis slo me knapt 1-0, men det vart eit smerteleg 0-6-tap mot Pol. Begge desse laga kjem til Suldal i haust, det blir spennande…

Men i helga var det altså Vaulen 2 som kom på besøk, og dei sto med 10 poeng før kampen. Det bølga litt fram og tilbake i første omgang, men på tribunen hadde me inntrykk av at det var Suldal som var hakket kvassare enn gjestene. Det var fleire halvsjansar til heimelaget, men Vaulen 2 hadde sine moglegheiter og. Det var derfor godt, og fortent, då Suldal fekk leiarmålet nokre minutt før pause. Tore Bendiksen Søraas slo ein flott pasning inn i Vaulen sitt bakrom. Kaptein Torjus Steine var først på ballen, tok den med seg frå venstrekanten og skar inn mot mål. Omlag 14 meter frå mål skaut han ballen i nettet og altså opp i 1-0 leiing. Eit fint angrep og ein sikker avslutning.

I andre omgang haldt Suldal fram føringa av kampen. Omlag ti minutt inn i omgangen fekk me frispark frå 25 meter. Ørjan Underbakke la ballen til rette, tok rennefart og skaut ballen i ein flott boge over muren, over spelarane, over målvakta og under tverrliggaren rett i nettet. Eit kjempemål!

Vidare i omgangen hadde i grunn Suldal god kontroll, og hadde nokre fine angrep. Spesielt kjekt var det og sjå teknikken, farten og pasnings- og skotfoten til unge Mohammed Ibrahim Dawud. Det var ikkje langt ifrå at han fekk nettsus då han smalt ballen i stonga frå kanten. Det bur mykje fotball i den karen! Me må også berømma forsvar og keeper for svært solid arbeid: Jørgen A. Mikkelsen i mål og forsvarslinja med to omskolerte karar på backane; Torjus Steine og Jone Utbjoa, og bautaane Vegard Aas og Jon Eirik Liseth i midtforsvaret skal ha æra for at dette vart ein kontrollert kamp frå Suldal si side. Og når me først er i gong, så kan me skrøyta av at midtbanen var sikre med ballen og fekk spelet til å gli godt.

3-0 kom fem minutt før slutt, og dette målet ordna Tore heilt sjølv. Han fekk ballen på Vaulen sin banehalvdel, dribla rundt, fram og tilbake litt, før han fann ei opning og sette ballen i mål frå 16 meter nede i venstre hjørne. Herleg at me kan avgjera kampane med ein siste spiker i kista, i staden for å ha nerver heilt inn.

Vaulen 2 fekk ei redusering to minutt seinare, men så var kampen over.

Som nemnd: 3. plass på tabellen og me skal ha Pol, Paradis og Sørmarkå, som er laga på 1., 2. og 4. plass, heime utover hausten. Alt på laurdag kjem Sørmarkå på besøk. Me tapte 4-1 for dei i første kampen, er me meir klar nå? Kom og sjå på laurdag i Prestavikjo kl 13.00!

Kamprapport (ikkje korrekte målskårarar) og tabell.

Fakta:

Mål: 

42 min: 1-0: Torjus Steine, målgjevande Tore B. Søraas

55 min: 2-0: Ørjan Underbakke, frispark

85 min: 3-0: Tore B. Søraas

87 min: 3-1: Vaulen 2

Spelarar:

Suldal