Såkalla sekspoengskamp i Prestavikjo; Suldal på 3. plass tok imot Sørmarkå på 4. plass. 

Suldal hadde eit forsprang på tre poeng før kampen. Skulle dei få luke, eller kom laga til å stå likt? Det viste seg at Arne Abrahamsen sine menn hadde dagen. Underteikna leita etter orienteringspostar og blåbær på Skoddvoll i første omgang, men pausepraten blandt eit høvevist talrikt publikum kunne fortelja om ein førsteomgang der Suldal hadde spelt til tider svært bra. Mykje godt pasningsspel, og fleire sjansar enn dei tre som blei putta. Sørmakrå viste ikkje igjen det dei gjorde i den første kampen i sesongen, då dei slo Suldal 4-1.

1-0 var det spiss Tore Bendiksen Søraas som stod for, etter målgivande frå Mohammed Ibrahim Dawud. Det andre målet var det venstreback Jone Utbjoa som kunne setta i mål etter innlegg frå Ørjan Underbakke. 3-0 fekk Håvard Fatnes æra av å setta inn, etter målgivande frå Tore. Ikkje ofte Suldal kan gå til pause med ei så stor leiing.

I andre omgang var kanskje ikkje tempoet like høgt, det er jo fornuftig å trygga leiinga, men Håvard betalte tilbake til Tore med å gi målgivande slik at Tore blei tomålsskårar. Sørmarkå reduserte til 4-1, men kampens siste mål var eit strålande punktum. Midtbanevirotous Knut Hoås Foldøy slo ein god kårner til midtstopparbauta Vegard Aas. Vegard ruva høgast og heada ballen kontant i tverrliggar og inn i mål.

Publikum og spelarar var så nøgde etter kampen at det blei både bølgen og trampeklapp. Meir av dette, Suldal!

Når alle lag nå har spelt 10 kampar, ligg Suldal framleis på 3. plass med 21 poeng. Det er eitt poeng opp til Pol på 2. plass, og tre til Paradis som leiar. Bak oss har me fått ei luke på seks poeng til Hudvåg 2 og Sørmarkå. Det kan bli spanande i haust, og ekstra kjekt er det å ha Øystein Nærheim tilbake i Suldalstrøya etter langt skadeopphald og fleire sesongar i Djerv 1919.

Nå følgjer to bortekampar mot Storhaug og Vaulen 2. Neste heimekamp blir laurdag 14. september kl 13.00 mot Stavanger 2. Kryss av i almanakken og Google calender!

Her er tabellen.

Fakta: Kamprapport

Mål:

34 min: 1-0: Tore B. Søraas, målgivande: Mohammed Ibrahim

43 min: 2-0: Jone Utbjoa, målgivande: Ørjan Underbakke

44 min: 3-0: Håvard Fatnes, målgivande: Tore B. Søraas

47 min: 4-0: Tore B. Søraas, målgivande: Håvard Fatnes

59 min: 4-1: Sørmarkå

67 min: Vegard Aas, målgivande: Knut Hoås Foldøy

Gule kort:

Jone Ubjoa og Lars Lavalette + to til Sørmarkå.

Suldal