Kampen, Storhaug-Suldal er etter kvart blitt ein gjenganger i fleire år. Dette er eit lag som dei siste åra har vore opp og ned mellom 5 og 6 divisjon. Dette året har det likevel gått i motbakke for dei raude bygutane. Eit inntrykk underteikna har av dette laget etter å ha spelt mot og sett Storhaug fleire gonger er at dei spelar fin fotball, er fair og gode. Etter kampen på Midjord denne fredagen i august har dette biletet endra seg betraktelig. Makan til tregt, klagete og stygtspelande lag er det heldigvis ikkje ofte me møter i pulja vår.

Suldal er i år meget godt trente og kjempar dei fleste i senk både på heime og bortebane. Der det av og til skortar på pasningskvalitet kompenseres med tempo og god kjemping. Storhaug prøvde også å kjempe for å kompensere for dårlig spel, men var stort sett for seine i alle tacklingane. Dommer Morgan Hobberstad delte ut 5 gule til heimelaget, noko som ikkje er eit kort for lite. Han burde og skulle vist andre fargar enn gult på kortet sitt. Ein som derimot fekk seg ei traudt kort var Tore Søraas, som etter 70 minutt med klyping, slåing og dytting frå heimelagets midtstoppar fekk nok. Eit lite klaps og rett ut med Søraas. Slik. Nå er det nok syting over heimelaget. Nå ein ny vri på referatet.

Jørgen: Den unge målvakten starta litt usikkert der han burde gjort ting lettare for seg sjølv og laget sitt. Spelte seg imidlertid stort opp og var sikker som banken største deler av kampen

Jone: Verkar som Suldal har fått ein ny spelar i halvøyas store son. På høgreback har jan verkeleg funnet seg til rette og krona nok ein god kamp med mål.

Vegard og Jon Eirik: Stopparkjempane ruvar godt i terrenget og har nok ein god kamp saman. Spesielt på slutten der me har 10 mann og Storhaug jobbar for utligning har begge to svært viktige inngripnar.

Torjus (c): Jobbar bra på ein plass underteikna meiner han passar utmerka. I han har Suldal fått ein aktiv, smart og god venstre back.

Ørjan: Etter fleire gode kampar er det fortjent at Mr Underbakke får starte nok ein kamp. Litt slurvete i starten der dødballane ikkje heilt sit som me er vandt med frå Ørjan. Spelar seg opp og gjer ein alt i alt grei kamp.

Isak: Er ein klok og plasseringssterk kar som dekkar mykje rom med sin smartness. I denne kampen kom han nok ikkje heilt inn i det og blei bytta ut i pausen. Synes likevel Isak hadde fleire gode involveringar og jobba godt for å kjempe til seg ballen i ein omgang der heile midtbanen slurva ein del.

Knut: Som dei andre på midtbanen starta også Foldøyen svært rufsete. Spelar seg imidlertid stort opp og er ekstremt viktig når me ska sikre seieren. Herlig tilstedeværelse og viktig mot slutten av kampen. Assisterte Jone sitt mål.

Håvard: Jobbar på som han alltid gjer. Likevel får han det ikkje heilt til i sin kantrolle denne kvelden. Som med Ørjan er det vanskelig å vera breddeholdar på ein liten bane som Eurekabanen på Storhaug. Viktig deffensivt siste del av kampen. Hadde ein målgjevande pasning på Dawud sitt mål.

Tore: Riv og slit, jobbar og kjemper i dei 70 minutta han får lov å spele fotball. Har ein heftig jobb og mange duellar mot heimelaget sin til tider ufine midtstoppar.

Muhammed: Jobbar på heile kampen der han får den litt kjipe jobben med å jage aleine på topp. Synes likevel han gjer ein god figur og set inn 3-1 målet på flott vis.

Øystein: Kjem inn for Isak i pausen og verkar litt rusten. Likevel ser ein at det er kvalitet i det han gjer og prøver på. Er sikker på at Øystein blir ein viktig mann for oss. Spesielt når Tore må sone karantene

Dawud: Flott innstilling, men må jagast på for å ta dei gode løpa. Likevel eit godt innhopp og er i denne kampen «tunga på vektskåla» med målgjevande på 3-1 og mål på 2-1. Godt jobba Dawud

Marcus: Kjem inn for Torjus og tek eine backplassen mot slutten. Jobbar godt, men er ung og noko urutinert i enkelte tilfelle. Blir ein bra spelar for Suldal framover om han utviklar seg vidare. God og viktig mot slutten av kampen samen med resten av laget.

Ein deilig seier smakar alltid best når det er over eit destruktivt lag. Det vitnar om at fotball er best som ballsparking og ikkje nedsparking. Topp resultet som sender oss nærare både POL og Paradis.

Neste kamp er mot Vaulen 2 på Vaulenbanen klokka 18.30 fredag 6 september.