Klikk på annonsa for lesbar storleik.

Suldalscup i fotball

Laurdag 7. september er det tid for den årvisse Suldalscupen for dei aldersbestemte fotball-laga i kommunen. I år er det Suldal IL som er arrangør, og derfor er det på kunstgrasbane i Prestavikjo på Suldalsosen det skjer denne gong. Her blir det kiosk både ved banen og i Samfunnshuset.

Det er meldt på 295 spelarar frå 2. klasse til 16-åringer – miniknott, knott, lilleputt og ungdomsskule. Desse er fordelt på 35 lag frå heile kommunen. I tillegg stiller Røldal IL med eit lag i kvar klasse.

Dei første laga startar kl 09.00, kioskane opnar kl 11.00, og me reknar med å halda på til kl 17.00.

Statkraft og Sparebanken Vest, som er to av hovudsponsorane våre, stiller med aktivitetar ein kan delta på.

Me håpar mange tek turen innom. Vel møtt!

Suldal IL, fotballgruppa.