Ny siger for herrelaget. Trenaren får ordet:

Hei alle saman😊 Underteikna sit no og prøver å fordøya kampen mot Vaulen 2 i kveld. Me tok turen til Stvg med mål om å ta med oss 3 poeng heim til Suldal, men visste det ville bli vanskeleg. Kvar kamp er blitt ein krig, og alle vil så gjerne slå oss, men me viser ein fantastisk moral for tida, og klarer å stå imot det som kjem💪
Kampen byrja imidlertid svært dårleg. Me fekk to mål imot før halvtimen var spelt, og det spreidde seg nok ein liten usikkerhet i laget. Men så tok Knut Foldøy ansvar på frispark, og sette ballen i krysset frå 20 m. Vakkert👋👋🌺 1-2, og det var kamp igjen! Like etter tok bergenseren vår, Jon Eirik og lada skuddfoten frå 35 m. Dette var minst like vakkert, om ikkje vakrare enn 1-2-målet. Fantastisk scoring, og 2-2 til pause.
I pausen blei me enige om å presse mykje tøffare, for å framprovosere feil hjå Vaulen, men i staden var det motstandaren som tok tak. Dei 10 første minutta i allefall… Men så kom gutane! To herlige angrep blei krona med 2 mål som blei sett inn av Mohammed👋👋 Og begge kom med høgrefoten, dvs feil fot😉👍 Nydeleg Mohammed💞😉
Det siste målet fekk vår heimvendte son, Øystein Nerheim æra av å sette inn. Roleg og beherska nede i høgre hjørnet, utakbart for keeper👍💪👋
Håpar han får meir å juble for i helga og, så lukke til Øystein🤗🌺
Håpar mange tek turen til Prestavikjo stadion neste laurdag. Me treng vår 12.mann i ryggen i kampane som kjem👋👋👋
Sportsleg helsing frå Suldal A-lag, med ynskje om ei fiiiiiiine helg🤗

Suldal er nå på 3. plass, berre eit poeng bak Pol og Paradis. Tabell

Fakta

Mål:

1-0: Vaulen 2

2-0: Vaulen 2

2-1: Knut Hoås Foldøy

2-2: Jon Eirik Liseth, assist: Knut Hoås Foldøy

2-3: Mohammed I. Dawud, assist: Håvard Fatnes

2-4: Mohammed I. Dawud

2-5: Øystein Nærheim, assist: Jon Eirik Liseth

Suldal