Mari har vore på kretslags-samling og spelt for Rogaland i helga.

Mari Indrebø frå Suldal IL har det siste året vore aktuell for Rogaland fotballkrets sitt J14-lag. I helga var ho på Nærbø på samling.

For omlag eitt år sidan, hausten 2018, meldte me Mari inn til kretsen som aktuell kandidat for spel på kretslaget i 14-årsklassen. I starten var det treningssamlinger for at trenarane til kretslaget skulle sondera terrenget og plukka ut ei gruppe som skulle få prøva seg på kretslagsamlingar. Mari var med på ei av desse treningssamlingene og kom med til neste gruppe, dei beste i nordfylket. Utover hausten hadde dei fem treningssamlinger, før dei blanda seg med jentene frå sørfylket som hadde vore gjennom same uttakssystemet. Før jul hadde nord og sør samling i Randaberghallen, der Mari må ha gjort det bra, for over nyttår fekk ho beskjed om at ho var tatt ut til kretslagssamling i januar.

Det vart mange treningssamlingar med kretslaget i januar og februar, og i mai blei Mari tatt ut til si første kampsamling. Mari fekk vera med på ein av kampane, mot Agder. Den gjekk bra, Rogaland vann 12-0. Ho fekk spela heile kampen på favorittposisjonen sentral midtbane, og skåra eit mål på straffe. Dagen etter var det kamp mot Hordaland, men den måtte ho stå over på grunn av konfirmasjon.

I sommar har det ikkje vore noko spesielt opplegg, anna enn at ho har passa på å få trent jamleg. Til vanleg har ho seks treningsøkter i veka, pluss ein kamp. Hadde det vore opp til ho sjølv, hadde ho nok spelt på både det eine og det andre laget, men det er Suldalsgutane- og jentene sitt G14-lag som er laget ho spelar på til vanleg nå i haust. Det var nok meir hektisk i vår, då ho var med på G14, J17 og ungdomsskulelaget, i tillegg til treningar med damelaget. Spel for damelaget er ho for ung for førebels.

Rogaland kretslag J14 – 2019. Bilde henta frå fotball.no – Rogaland fotballkrets.

I helga var det Suldalscup. Der kunne ho vore med på Suldal IL sitt ungdomsskulelag, men dette kolliderte med ei ny kretslagssamling. Dette gong var det samling på Nærbø. I haust har det vore nytt uttak til kretslaget, og Mari er framleis med. 16 jenter frå Rogaland møtte opp til helgas treningssamling. Då dei møttest fredag, var det rett i kamp mot Hordaland. Denne kampen enda mållaust 0-0. Om kvelden såg dei J15-landskampen Noreg-Sverige der Noreg vann 1-0. J15 er det yngste landslaget me har, så det var motiverende å sjå desse spela kamp. Mari føler sjølv at ho ikkje er heilt der at ho er klar for landslaget neste år, men så lenge ein er med på kretslagsamlingar så er det håp om å komma med på landsdelslaget og så vidare til eventuelt landslag. Laurdagen i helga var det trening, og dei såg at Oslo slo Hordaland 5-1. Søndagen var det Rogaland sin tur til å spela mot Oslo, der det vart eit 0-1-tap.

På treningssamlingane får Mari tilbakemelding frå trenarane Monica Eide Arnesen og Kjetil Løland på kva ho får godt til og kva ho kan jobba vidare med. Dei sterke sidene hennar er at ho er god til å lesa spelet, ho er ein playmaker-type, mens ho kan bli betre på å slå lengre pasningar og spela med open kropp, det vil seia å invitera til å bli spelt på. Det er eit godt miljø på samlingene, alle ønskjer at alle gjer det bra. Før Mari reiste på samlinger visste ho berre såvidt kven ei av jentene var. Nå er ho blitt godt kjend med alle.

Når ein bruker så mykje tid på fotball, så er målet sjølvsagt å bli så god som det er mogleg å bli. Då er det ingen grunn til ikkje å ha landslag- og proffspel som ambisjon. Nå er det gode tider for dei som vil bli fotballproff for damer, alle dei store herreklubbane i dei største ligaane satsar nå på damer. Favorittlag blant herrene er Manchester United, som nå har skaffa seg damespelar frå Noreg. Men på damesida er det Chelsea og Lyon som er favorittlaga, og fekk ho valet mellom ville ho valt å spela for Chelsea fordi det er det beste engelske damelaget. Av favorittspelarar nemner ho alle herrene på Manchester United, og Maren Mjelde, Guro Reiten og Ada Hegerberg.

Og korleis er Mari blitt så god? Det er jo hobbyen hennar å spela fotball, ho tykkjer det er kjekt og ho har lyst til å bli god. Ho har det nok også i genene, både far og mor har sjølv spelt fotball på eit solid nivå, og dei er framleis svært interesserte.Og ho treng ikkje langt for å finna seg ein treningspartner å bryna seg på, det er berre til å få med storebror Bjørnar ut i hagen.

Det blir spanande å følgja Mari vidare i utviklinga. Ho har nettopp starta i 9. klasse, så ho blir å sjå i Prestavikjo minst eit par år endå!

Ein liten reportasje frå samlinga i helga kan de finna på Rogaland Fotballkrest sine sider.