Det swingar i 6. divisjon for tida: Suldal innehar tabelltopp, og Aftenbladet er «tett på» for å leita etter skandaler.

Best er det å la beina og ballen prata, og det har herrelaget fått til etter sommarferien. Dagens siger var nummer seks på rad, har me hatt så mange før i statestikk-tida vår? I 2009 hadde me seks på rad, men då var to W.O. I årets rekke er det berre ein W.O. Og dei kampane tel og!

Mykje spenning var det i før kampen, det er nervepirrande å kjempa i toppen, i alle fall for oss som ser dette utanfrå. Det kan verka som at spelarar og trenar har meir ro enn enkelte rundt laget… Hjelmeland er som vanleg i toppform når hausten set inn, i det siste har dei plukka mykje poeng. Men det har jo også Suldal.

Indian summer skapte ei god ramme rundt kampen, og sjølv om det stadig er andre ting som skjer i kommunen som stel potensielle tilskodarar, så er det mange som møter trufast opp. Det er svært kjekt!

Suldal kom godt i gong med kampen. Dei viste frå start mykje fint kombinasjonsspel, og spesielt på høgrekanten kom back Jone Utbjoa og ving Håvard Fatnes kombinerte bra fleire gonger, men utan at me fekk innlegga i mål. Suldal hadde stort sett ballen, men Hjelmeland var farlege på kontringar.

Då kvarteret var spelt, kom det eit helikopter fykande og gjekk inn for landing på landingsplassen 50 meter frå banen. Det kan verka som at helikopter er meir daglegdags for hjelmelandsbuen enn suldølen, sjølv om ein skulle tru me var godt vane med helikoptertrafikk i dalen for tida. Gjestene nytta i alle fall ståket rundt landinga til å ta leiinga. Dei fekk ei avslutning som keeper Jørgen Mikkelsen fekk slått i tverrliggaren. Dessverre var dei kvitkledde også først på returen, og sette den i mål. Dette var litt tungt.

Likevel haldt Suldal fram med godt spel, dei er blitt gode til å halda ballen i laget, trilla rundt og inn i midten, for så å ta med kantene og bruka bakrom. Det er tydeleg at Arne Abrahamsen har ein plan. Fem minutt før pause var det endeleg tid for utlikning. Den stod eit par av våre heimvendte søner bak. Knut Hoås Foldøy på midten gav ballen vidare til Øystein Nærheim. Med stadig meir kamptrening, og fullt i pågangsmot som nybakt far (gratulerer!), tok han ballen med seg, og curla eit flott skot i frå 16 meter med venstrefoten. Viktig før pausen.

I andre omgang fekk Suldal mykje av spelet inn i sin rytme. Det var tider det var litt «daudt», men så var det fleire som tok tak. Torjus Steine hadde fleire gode raid framover frå sin venstreback, Vegard Aas var framme og stanga på kårner, Tore Søraas kom åleine med keeper og spelte Ingve berge fri på ope mål. Ballen gjekk over mål, men det lukta vel offside? Uansett kjekt å ha Ingve tilbake etter smellen han fekk i skuldra i vår.

Etter omlag ein time var det endeleg tid for å gå i leiinga. Knut fekk ballen midt på Hjelmeland sin banehalvdel, finta litt, rykka litt og vips var han forbi to mann. Så kikka han opp og sendte i veg eit skot frå 20 meter som gjekk rett i mål. Knut let sjeldan sjansen til å «bjuda på» gå frå seg, så han spanderte heile registeret av skåringsfeiringar; både flygaren og ein salto som «Mini» Jackobsen moglegens hadde greidd betre. Godt ein kjenner sine begrensningar og held seg til å stupa sterte.

2-1 er ei leiing som medfører spenning. Hjelmeland hadde sjanse til å utlikna, og var nære då dei slo eit frispark som førte til ei avslutning der Jørgen måtte strekka seg så lang han var og slå også denne i tverrliggaren. Heldigvis fekk me kontroll på returen. Eit par gule kort måtte me og ta i mot i ein litt hekisk periode, men så løsna det igjen.

Fem minutt før slutt fekk Suldal hjørnespark. Det var Øystein sin tur til å ta denne, og han skrudde den like godt direkte i mål! Dermed skåra han både med høgre og venstre i dag, og kan visa seg å bli viktig i sesongavslutninga.

Det blei siger 3-1, og framleis tabelltopp. I konkurransen om opprykk har nå Pol gått på nokre poengtap, sist 3-1-tap mot vår neste motstandar Brodd 3. Pol er nå fem poeng bak oss. Paradis er nærast, to poeng bak. Som eg har nemnd før; me har begge desse konkurrentane igjen på heimebane. Nå gjenstår altså Brodd 3 borte,  før det blir tre heimekampar mot Hundvåg 2, Paradis og Pol.

Tabellen er her.

Fakta:

Mål:

15 min: 0-1: Hjelmeland

40 min: 1-1: Øystein Nærheim, assist Knut H. Foldøy

60 min: 2-1: Knut H. Foldøy

85 min: 3-1: Øystein Nærheim

Gule kort:

Jone Utbjoa og Ørjan Underbakke + 2 til Hjelmeland

Lag:

Suldal