Suldalsdamene tok i sist veke i mot samarbeidslaget frå Tysvær. 

Det såg lenge ut til at Suldal i denne kampen hadde god sjanse til å få til eit godt resultat. I første omgang hang me godt med, sjølv om gjestene fekk eit tidleg mål. Heimelaget var absolutt med på notene, og hadde også eit par store sjansar til å utlikna.

Dessverre fekk ikkje dei gul/svarte betalt for innsatsen i mål, og også i andre omgang var det dei kvite som fekk mål etter omlag 20 minutt. Etter  2-0 blei det nok litt tungt, og gjestene fekk setta inn ytterlegare to mål dei siste ti minutta.

Mykje bra å ta med seg frå første omgang, eit mål der, så kunne det fort blitt anleis.