Det blei ein lang søndagstur på damene i helga. 

På dei to siste kampane har Suldal møtt nummer 2 og 3 på tabellen. Det viser igjen på resultata at det er gode lag som har vore motstandar. Det blei 5-0-tap mot bømlingane.

Første målet kom alt etter eit minutt. Det ser ut til at Bremnes har eit par målfarlege søstre, for fire av måla har to Mæland-spelarar fordelt jamnt seg i mellom. Måla var jamnt fordelt utover første omgang, det stod 3-0 til pause. Dei to siste måla kom rett etter at timen var spelt.

Det er på tide å finna vegen tilbake til nettmaskene! Første høvet er heimekamp på fredag: Suldal – Vedavåg Karmøy/Kopervik, Skudenes/Åkra jr kl 19.00 i Prestavikjo. Flott oppvarming til Gullrekka på fjernsynet!