Suldal feirar nok ein heimesiger. Måtte det bli to til! Klikk på bildet for video.

Me er inne i sesongavslutninga, og herrelaget avsluttar med tre heimekampar. Det passar godt i opprykkskampen.

Første laurdag i haustferien var det Hundvåg 2 som kom på besøk i eit strålande vêr. Publikumsmessig var det vanskeleg å konkurrera med Møgedalsmarknaden, men dei som tok vegen fekk sjå mykje mål, gode angrep og oppofrande returløp. Resultatet vart rekordmange mål rette vegen, og clean sheet for målvakt Mikkelsen.

Alt etter fire minutt kom det første målet. Ein svært opplagt venstreback Christian Smithson spelte inn på Ingve Berge på midten. Ingve spelte ballen direkte ut på venstrevingen der Mohammed Ibrahim Dawud skar inn mot mål. Frå dødlinja la han kort inn på mål. Der var spissen Tore Bendiksen Søraas på plass og sett inn ei tidleg leiing.

Neste mål kom på opprulling på motsett side etter omlag eit kvarter. Denne gong var det Øystein Nærheim som spelte ut til høgreving Håvard Fatnes. Han kom rundt og la inn. Der var Tore igjen på plass og 2-0 var eit faktum.

Fem minutt seinare blei Ingve dratt ned i straffefeltet, og straffen var ganske klar. Jone Utbjoa gjorde seg klar, og sette ballen sikkert inn. Sjå video av Jone sin straffe her.

Etter 40 minutt var det tid for reprise frå forrige heimekamp: Øystein tok hjørnespark frå venstre og skrudde ballen direkte i mål til 4-0. Øystein stod også klar med hjørnespark rett før pause. Denne gongen gjekk ikkje ballen direkte i mål, men via ein påpasseleg og målkåt Tore slik at det stod 5-0 til pause.

Andre omgang vart nok litt rolegare enn den første. Gjestene innsåg at det blei tap, og Suldal hadde ikkje fullt trykk heile omgangen slik dei hadde i den første. Likevel kom det tre mål.

Minst hat-trick av Tore i dag, eller hadde han fire?.

6-0 kom fem minutt ut i omgangen. Øystein har funne kampformen på midten og spelte flott gjennom til Mohammed. Han spelte ballen vidare til ein umarkert Tore, som kunne ordna seg hat-trick (eller det fjerde for dagen…?). Dessverre har me ikkje overflod i kampballar, så du får nok ikkje ballen med deg heim! Tore var også nær sitt fjerde (femte?) mål då midtstoppar Jon Eirik Liseth slo frispark, men headinga gjekk i tverrliggaren. Jon Eirik hadde også eit godt forsøk på direkte frispark, men keeper fekk hendene på den. Sjå frisparket til Jon Eirik her.

Halvvegs i omgangen var det Ingve sin tur til å setta ballen i mål til 7-0, då han blei spelt åleine med keeper etter pasning frå Mohammed.

Siste målet var det Dawud Ibrahim Dawud som fekk æra av å setta inn, på pasning frå Knut Nærheim som hadde komme seg fri på venstrekanten.

Laget spelte godt saman i denne kampen og gav aldri Hundvåg 2 ro til å spela sitt spel. Aggresivt press og kjappe returløp gjorde at bortelaget gjorde ein del feil som Suldal straffa hardt denne gong.

Førstkommande laurdag kjem tabelltoar Paradis på besøk i Prestavikjo. Dersom Suldal vinn denne kampen, så er opprykket og tabelltoppen sikra. Blir det uavgjort, kan Suldal framleis avgjera sjølv med siger i siste kamp mot tabelltrear Pol. Dersom Suldal taper mot Paradis, må ein ikkje berre vinna siste kamp mot Pol, men ein må også håpa at Storhaug slår Paradis i lokaloppgjeret på Midjord i siste runde. Sjansen for hjelp frå Storhaug er ikkje så stor, sidan dei ligg sist på tabellen.

Klikk på bildet for å sjå tabellen.

Suldal må altså helst gjera jobben alt nå på laurdag. Til det treng dei hjelp. Sjølv om veret ikkje lovar så godt, må folk kle godt på seg og ta turen til Prestavikjo kl 13.00 for å heia Suldal fram til siger. Det er ti år sidan sist Suldal kjempa om opprykk, slike kampar kjem ikkje så ofte!

Me sjåast i Prestavikjo!

Fakta:

Mål: (Med atterhald om enkelte feil som kan bli korrigert.)

3 min: 1-0: Tore Bendiksen Søraas, målgivande Mohammed Ibrahim Dawud

14 min: 2-0: Tore Bendiksen Søraas, målgivande Håvard Fatnes

21 min: 3-0: Jone Utbjoa (straffe)

40 min: 4-0: Øystein Nærheim (hjørnespark)

45 min: 5-0: Tore Bendiksen Søraas, målgivande Øystein Nærheim

49 min: 6-0: Tore Bendiksen Særaas, målgivande Mohammed Ibrahim Dawud

70 min: 7-0: Ingve Berge, målgivande Mohammed Ibrahim Dawud

83 min: 8-0: Dawud Ibrahim Dawud, målgivande Knut Nærheim

Gule kort:

Vegard Aas og Isak Berge Espe

Lag: