Klikk på bilde for større kampplakat.


Laurdag 12. oktober kl 13.00 er det opprykkskamp mellom Suldal og Paradis i Prestavikjo.

Dette er første gong på ti år at herrelaget har ein reell opprykksfinale sidan me gjekk på ein smell i andre omgang mot Figgjo i 2009. Denne gongen satsar me på å halda heilt inn! For å få dette til, treng me all hjelp me kan få frå tribunen. Sjølv om vêret som er meldt ikkje er all verda, så håpar me at folk kler godt på seg og møter mannsterke opp. Kanskje til og med laga lyd!

For å hjelpa litt ekstra på dørstokkmila, vil me dela ut gratis is til barn ved kampstart. Gjennom kampen kan ein gå i kiosken og få eit gratis lodd som gjeld ved utlodning etter kampen. Skulle det bli jubelscener, så blir utlodninga etter desse. Ei fruktkorg og fem enkle Flaxlodd vil bli trekt ut til dei som framleis er på plass. Er ikkje vinnaren på plass, så blir gevinsten trekt på ny.

Paradis held til på SIF-banen i Stavanger. I vårkampen greidde Suldal ein sterk 1-0-siger, sjølv om det nok var Paradis som var det beste laget i den kampen. Nå er det derimot ein ny kamp, og Suldal har vore sterke på heimebane i år og vunne alle kampane. Det er ingen grunn til at ein ikkje skal halda fram med den statistikken.

Dersom Suldal vinn denne kampen, vil 1. plass og opprykk vera sikra. Skulle det bli uavgjort, må nok Suldal også vinna siste kamp heime mot 3’ar-laget Pol. Taper Suldal, så skal det ein del til for å sikra opprykk. Paradis møter botnlaget Storhaug i siste runde og vinn nok sannsynlegvis den kampen.