Ballen ville ikkje inn ofte nok i dag.

Endeleg opphald då kampen nærma seg start. 98 personar hadde fått seg lodd, årsbeste oppmøte. Alt var klart for fotballfest i Prestavikjo då herrelaget tok i mot Paradis til toppoppgjer.

Det var kjekt i ti minutt. Suldal starta bra, var aggresive og kom seg til fleire halvsjansar. På midten fekk spesielt Øystein Nærheim god boltreplass. Dette såg bra ut.

Så, etter ti minutt, set regnet inn og me rotar vekk ballen i forsvar. Paradis får sett fart på kontring. Avslutninga var kontrollert og sikker, og keeperen vår kunne lite gjera med at gjestene tok leiinga. Dette målet betydde mykje, det kunne me høyra på jubelen blandt spelarane og i innbyttarbua deira. Frå den mannsterke tribunen vår var det rolegare.

Dette kunne ein likevel snu!

Dessverre var det Paradis som kom meir med i kampen, og regnet haldt fram med å ausa ned. Dei fekk låst av romma me hadde på midten, dei var kjappe og sikrare i det dei gjorde. Det kunne sjå ut til at alvoret prega suldalslaget. Bortelaget fekk frispark i farleg posisjon, eit godt plassert frispark som gjekk i nettet ganske opp i hjørnet. 0-2 var ikkje slik det skulle vera.

Suldal var likevel med i kampen, siste halvdel av første omgang hadde heimelaget nokre sjansar til å redusera, spesielt nære var me på dobbelsjanse som enda med hjørnespark. Ballen fekk me likevel ikkje i mål. Rett før pause var det nok ein kontring etter balltap frå oss. Sikker og enkel avslutning gjorde at Suldal hadde tre i sekken då dei tok pause. Varierande omgang av Suldal, men i banespel var me på høgde med gjestene. I effektivitet var Paradis derimot nokre hakk betre.

I andre omgang var det Suldal som fekk den første sjansen, då toppskåraren vår Tore Bendiksen Søraas sette ballen rett over mål på ei avslutning. Typisk nok fekk Paradis 0-4 på eit frispark som ikkje burde gått i mål, og det håpet som var om poeng forsvann frå dei fleste.

Suldal si redusering var det Mohammed Ibrahim Dawud som stod for. Han fekk ballen på 20 meter frå Ørjan Underbakke, avanserte nokre steg og skaut ballen i mål til høgre for keeper. Fint mål, kjekt med applaus frå tribunen, men dessverre var ikkje dette nok, sjølv om det då var halvtimen igjen.

Der Suldal i sist kamp var dei som sprang rett både offensivt og defensivt, var det nå Paradis som gjorde det meste rett. Suldalsspelarane stod delvis litt paralysert, eller dei sprang mest ein og ein. Samspelet og jobbing for kvarandre var ikkje der det var sist helg. Mot divisjonens beste motstandar er ikkje det godt nok, me såg det i dag. Paradis tok vare på sjansane dei hadde til å gå mange mann i angrep, med full fart. Dei hadde vel eit par annulerte mål for offside i tillegg til det femte målet dei fekk mot slutten.

Kanskje vart alvoret for stort for Suldal i dag? Håpet om opprykk er der framleis. Neste laurdag kl 13.00 kjem tabelltrear Pol på besøk i årets siste kamp. Den kampen må vinnast, både for å ha sjanse på opprykk, og ikkje minst for å revansjera eit surt 0-6 tap før ferien. Pol har lite anna enn æra å spela for, men dei har vist før at den kjempar dei for.

Skal Suldal ha sjanse på opprykk, må Paradis spela uavgjort eller tapa mot botnlaget Storhaug. Storhaug har mykje å spela for, dei kjempar om å unngå nedrykk og har ein sjanse på å greia seg dersom dei vinn mot Paradis.

Møt derfor opp neste laurdag også, slik at i alle fall Suldal får hjelp til å gjera sin del av jobben!

Takk til publikum for godt oppmøte!

Tabell.

Fakta:

Mål:

1-4: 60 min: Mohammed Ibrahim Dawud, målgivande Ørjan Underbakke

Gule kort:

Jon Eirik Liseth, Vegard Aas og Tore Bendiksen Søraas, to til Paradis

Lag: 

Jørgen Andre Mikkelsen, Jone Utbjoa, Jon Eirik Liseth, Vegard Aas, Christian Smithson – Håvard Fatnes, Knut Hoås Foldøy, Øystein Nærheim, Mohammed Ibrahim Dawud – Tore Bendiksen Søraas, Ingve Berge

Innbyttarar: Isak Berge Espe, Ørjan Underbakke, Dawud Ibrahim Dawud