Siste kamp for herrelaget: Suldal måtte slå tabelltreer Pol, og Paradis måtte ikkje vinna mot tabelljumbo Storhaug. Om dette gjekk inn, så var det opprykk.

Dei fleste hadde nok ikkje tru på at Paradis skulle gå på ei blemme, så fokuset i Prestavikjo var å revansjera eit stygt 0-6-tap for Pol i vår.

Det såg ut til å skulla gå greit. Etter eitt minutt tok Suldal leiinga då Øystein Nærheim spelte Mohammed Ibrahim Dawud fri på venstrekanten. Mohammed skar inn mot hjørnet av 16-meteren og skaut ballen strålande opp i krysset. 

Alt to minutt etter var det dobling av leiinga då Jone Utbjoa spelte ballen i bakrom. Der kom Tore Bendiksen Søraas stormande og nådde ballen før keeper. Tore lobba flott over målvakta og i mål. Dette var jubileum, for målet var Tore sitt mål nummer 50 i suldalsdrakt!

Dette gjekk lett, tenkte dei fleste. Pol hadde eit rutinert mannskap med snittalder på 37 år, dei skulle me då vel springa lett ifrå? Neidå. Ein kjem langt med rutine, vinnarvilje og klokskap. Suldal tok nok litt lett på kampen etter pang-starten, i alle fall ubevisst, og Pol kom med i spelet. Resten av førsteomgangen gjekk ganske roleg for seg, utan så mange sjansar.

I Stavanger hadde Paradis oppskriftsmessig teke leiinga både 2-0 og 3-1, så me rekna med at dei gjorde jobben dei måtte for å sikra opprykket sitt.

Om starten av første omgang var eit fyrverkeri frå Suldal si side, så var starten av andre omgang som eit sløkt stjerneskot. Pol tok over kampen og spelet, suldalsspelarane spelte ikkje på lag, men ein og ein. Målvakta vår for dagen, Javier Milan Arias, og midtstopparbauta Vegard Aas skal ha æra for at Pol ikkje fekk meir enn eitt mål i denne perioden. Reduseringa kom fem minutt ut i omgangen på eit hjørnespark, etter at bortelaget hadde hatt presset.

Frå kampen i Stavanger mellom Storhaug og Paradis kunne vår utsendte medarbeidar Tor Olav Berge rapportera om ny spenning. Storhaug reduserte til 3-2, dei utlikna til 3-3, dei skaut i tverrliggaren og dei førte kampen. På dette tidspunktet var det Suldal som leia tabellen og låg an til opprykk! Publikum var oppdatert på situasjonen, men innbyttarane hadde streng beskjed frå trenaren om å ikkje følgja med på Facebook.

Det vart nokre nervepirrande minutt så lenge Suldal ikkje fekk til spelet sitt, og resultatet var som det var i Stavanger. Skulle Paradis tapa poeng, mens me rota vekk vår leiing?

Heldigvis greidde Suldal å få ro i rekkene igjen då Javier spelte eit langt utspel. Tore stussa utsparket vidare til Øystein som kom på løp. Åleine gjennom forsvaret tok Øystein ballen på halv volley og banka den i mål til 3-1. Nervene roa seg, det var spelt 20 minutt av andre omgang, me skulle i alle fall gjera vår del av jobben.

Minutta gjekk seint. Suldal hadde kontroll, fann fram spelet sitt, rulla rundt spesielt på venstrekant og kom til nokre sjansar. I Stavanger var det stille, skulle dette gå vegen for oss!?

Dessverre kom det så to kjappe meldingar frå Midjord stadion på Storhaug i Stavanger. Paradis skåra både ein og to gonger, det stod 5-3, og opprykket glapp for oss.

Det kunne ikkje Suldal gjera noko med, så det var like greitt å avslutta sesongen med eit mål. To minutt før slutt kontra heimelaget. Øystein fekk ballen på venstrevingen og la flatt og kontrollert til årets suverene toppskårar som avslutta året med å putta ballen sikkert i mål. 15 mål i år, 51 mål totalt for Suldal: Tore Bendiksen Søraas!

Spelarar og publikum kunne jubla for siger og ein god sesong. 2. plass er eit svært godt resultat, og ein må nok seia at Paradis rykkar fortent opp. Det er det beste laget i serien, sjølv om dei har snubla nokre gonger dei og.

Det viste seg at sluttresultatet i Stavanger blei 5-4 til Paradis. Suldal var altså berre eit Storhaug-mål ifrå å bli nummer ein og få opprykk, MEN: Det hadde vore kjekkast, og absolutt mest fortent dersom opprykket kom etter siger eller uavgjort mot Paradis sist helg. Nå vann Paradis med 40 poeng, Suldal har 39….

Lite å gjera med det nå. Gratulerer til spelarar og trenar for ein godt gjennomført sesong. Tusen takk til publikum som møter opp i eit ganske så akseptabelt antall kamp etter kamp, og tusen takk til foreldre i fotballgruppa som stiller på dugnad for å halda kiosken i gong. Kiosken er eit viktig element i kampane i Prestavikjo!

Tabell

Fakta:

Mål:

1 min: 1-0: Mohammen Ibrahim Dawud, assist Øystein Nærheim

3 min; 2-0: Tore Bendiksen Søraas, assist Jone Utbjoa

50 min: 2-1: Pol

65 min: 3-1: Øystein Nærheim, assist Tore Bendiksen Søraas

88 min: 4-1: Tore Bendiksen Søraas, assist Øystein Nærheim

Lag:

Javier Milan Arias – Jone Utbjoa, Vegard Aas, Jon Eirik Linseth, Christian Smithson – Håvard Fatnes, Knut Hoås Foldøy, Øystein Nærheim, Mohammen Ibrahim Dawud – Ingve Berge, Tore Bendiksen Søraas.

Innbyttarar: Isak Berge Espe, Marcus Karlsen, Ørjan Underbakke