Damelaget har hatt ei travel helg med kamp både fredag og søndag.

Fredag var det bortekamp mot Skjodar/Vats/Vik (veit ikkje om Vik er forkorting for Vikebygd eller Vikedal…).

I følge kamprapporten så har kampen bølga litt fram og tilbake. Referenten må stola på at kamprapporten stemmer med tanke på målskårarar.

Heimelaget fekk ei tidleg leiing etter tre minutt, og auka leiinga til både 2-0 og 3-0 etter omlag halvtimen. Etter 39 minutt fekk Suldal sitt første mål ved Kristina Kvæstad, slik at stillinga til pause var 3-1 til heimelaget.

Etter eit kvarter av andre omgang reduserte Suldal nok ein gong, denne gong var det Lina Baustad Hoås som fekk registrert skåring. Det kan sjå ut til at Suldal var på veg inn i kampen. Dessverre fekk Skjodar/Vats/Vik to kjappe mål og gjekk opp til 5-2 før Sigrid-Josefine Helgeland Våge skårte sitt første mål på seniorlaget og reduserte til 5-3.

Ti minutt før slutt vart spenninga drepen, då heimelaget skåra to kjappe mål og avgjorde kampen til 7-3.

Fakta: