Den andre damekampen denne helga skulle få nøyaktig same resultat som den første, heldigvis med Suldal som vinnarar denne gong.

Søndag var det siste heimekamp for damene i år, og det var Torvastad sine juniorjenter som var motstandarar.

Det skulle raskt visa seg at Torvastad-jentene nok vart litt for lette og urutinerte mot suldalsdamene, sjølv om det skal seiast at i alle fall 1/3 av Suldal sine spelarar også har alderen til juniorspelarar. Faktisk så vart seks av dei sju måla Suldal skåra sett i mål av juniorar på 16 og 18 år. Dei fekk hjelp av eit lag som har ei fin blanding i alder og erfaring.

Lina Baustad Hoås starta ballet med 1-0 etter tre minutt. Fem minutt seinare var det Kristine Bøe Berge som dobla. Etter 16 minutt var det Stina Holte Marvik som laga sitt første seniormål, og før pause putta Lina ballen i mål to gonger til. 5-0 til pause, og det kunne lett vore fleire mål. Suldal var meir besluttsomme enn gjesten, og fekk betalt for det.

Sjansekallaset i første omgang vart avløyst av ein litt rolegare andre omgang. Suldal hadde kontrollen på resultatet, men slapp Torvastad meir inn i kampen. Etter at Lina hadde gjort hat-trick og ført heimelaget opp i 6-0, fekk gjestene to reduseringar til 6-2.

På overtid skåra først Sigrid-Josefine Helgeland Våge vår sjuande mål, før Torvastad sette punktum for kampen med 7-3.

Med denne sigeren klatra damene forbi Ølen jr og er på 6. plass av dei åtte laga som er med. Torvastad jr ligg på botn. Ølen jr kan gå forbi Suldal sidan dei har to kampar mindre spelt. Tabellen kan de sjå her.

Dermed er seniorlaga ferdige med heimekampane sine. Den einaste kampen som gjenstår i Prestavikjo sesongen 2019 er G14: Suldal – Vard Haugesund 2 måndag 28. oktober. Damene har sin siste kamp for sesongen borte mot det suverene topplaget Kopervik/Åkra/Vea/Skudenes onsdag 30/10, og avsluttar med det sesongen for Suldal IL.

Fakta:

Suldal

Mål og advarsel: