Søndag 20.10. reiste 9 gutar frå knott til Haugesund for å representera Suldal IL på Macron cup 2019.

Cupen blir arrangert av SK Vard Haugesund, og i løpet av to helger blir det spela over 130 kampar, både jente- og guttelag i alder 6-12 år. G10 fra Suldal har spelt tre kampar – to mot Haugar, og eIn kamp mot Skjold IL. De vant ein kamp, og to andre avslutta uavgjort.

Suldal kunne godt ha vunne alle tre kampane, guttane spelte bra teknisk og hadde også to veldig gode keeparar i mål. Stor takk til alle dei fotballivrige gutane – Ola, Tor Olav, Thomas, Torstein, Ondra, Samuel, Hallvard og keepane Jørgen og Anders. Og stor takk til foreldrene som heia på laget!

Cupen var godt organisert, og me var svært nøgde med dommarar og deira arbeid. Gutane har truffe nye motstandarar, og har for første gong spelt i stor fotballhall med kunstgras.