Premie Suldalsserien 2019

Torsdag 24/10 var det avslutning for dei aldersbestemte laga i gymsalen.

Tilstelninga gjekk føre seg på tradisjonelt vis, bortsett frå fotoseanse i høve nye drakter frå Sparebanken Vest.

Tradisjonelt vis vil seia premieutdeling etter Suldalsserien, pølser og brus, og utlodning av gevinstar.

I år var det med ti lag frå Suldal IL i Suldalsserien. Tre miniknottlag, tre knottelag, tre lilleputtlag og eit ungdomsskulelag. I dei to yngste klassane blir det ikkje ført resultat eller tabell, der handlar det om å spela og ha det kjekt.

Tabell Suldalsserien lilleputt 2019

Ein skal sjølvsagt ha det kjekt i lilleputt og ungdomsskulen også, men der blir det ført resultater og tabell. I år gjorde laga det godt, både lilleputt og ungdomsskulen stakk av med 1. plassen, og dermed vanka det pokal av største storleik, i tillegg til spelarpremien som alle spelarane får.

Ungdomsskulelaget vann gull i vår. Då i lånte drakter. Nå har dei endeleg fått nye!

Ungdomsskulen fekk premiane sine før sommarferien, sidan deira sesong var over alt då.

Pølse- og brusutdelinga går etter kvart på rutinen, og nåde den som prøver å tenkja ut nye måtar å gjera dette på, tradisjon er til for å følgjast!

Kvar spelar får eit lodd når dei kjem på avslutninga, og då er ein med i lotteriet som er mot slutten av seansen. I år hadde hovudsponsorane Haugaland Kraft, Sparebanken Vest og Statkraft ordna med så mange premiar at det blei gevinst på alle! Det var mange kjekke sponsorobjekt å sikra seg, og i tillegg var det eit par fruktkorger som ein del sikla på.

Då siste fruktkorg var vunne, var det kveld. Tusen takk til trenarane, som i tillegg til takk får blomar og gåvekort. Utan dette frivillige arbeidet blir det ikkje verken treningstilbod eller kampar. Ta godt vare på dei som stiller som trenarar, me treng alle med vidare, og dei veks ikkje på tre!

Nokre lag held fram med treningar utover hausten, inne eller ute. Andre lag ventar til over nyttår før dei set i gong igjen.

Takk for i år!