Arne gir seg som trenar for herrelaget til Suldal IL.

Arne Abrahamsen gir seg som trenar for herrelaget til Suldal IL, etter eit år med gode resultat.

Arne har vore trenar for herrelaget i 2019, og fekk raskt sett sitt preg på laget. Hardkøyr i vintermånadane danna grunnlag for at 2019 blei den beste sesongen til herrelaget på fleire år. Til slutt var det berre eitt mål rett veg i ein annan kamp om å gjera før det hadde blitt opprykk og spel om krinsmeisterskap. 

Det er ingen tvil om at Arne var sterkt ønska med vidare, men det tek tid å trena og organisera eit lag også i 6. divisjon. For å gjera det skikkeleg, og for Arne er det berre skikkeleg som gjeld, så treng ein å vera topp motivert for å bruka 14 helger og mange treningskveldar på fotballen. Etter mange rundar med seg sjølv på dette, enda han altså med å landa på at han hadde andre ting han også vil bruka tida si på.

Arne sitt val har Suldal IL full respekt for. Me ønskjer å takka han for ein solid gjennomført jobb, han gitt av heile seg for at alt skulle ligga til rette for å få ut potensialet til laget. 2. plassen er me godt nøgde med. Heldigvis brenn han framleis for fotballen i Suldal, og han kjem heilt sikkert til å vera og sjå i Prestavikjo i 2020 også, i ei eller anna rolle.

Takk for jobben!