Petter gir seg som trenar for damelaget i Suldal IL.

Petter Hoås gir seg som trenar for damelaget til Suldal IL etter fleire år som trenar for damer og jenter.

Petter kjem for alltid til å stå som ein pionèr i suldalsfotballen for innsatsen hans for jente- og damefotballen. Saman med Odd Austarå trente han i fleire år eit jentelag i kretsserien for første gong i Suldal. På grunn av denne innsatsen heiter ikkje samarbeidslaga til idrettslaga i Suldal lenger Suldalsgutane, men Suldalsgutane- og jentene! Når jentene blei eldre, så fall brikkene på plass slik at Suldal IL for første gong kunne melda på eit damelag i seniorfotball i 2018. I utgangspunktet såg han ikkje for seg at det var han som skulle vera trenar, men han sette i gong treningar vinteren 2018, og vart så engasjert og motivert at han tok på jobben likevel.

Første sesongen vart svært amputert, sidan alle bortsett frå eitt av motstandarlaga frå Stavanger trakk seg ein etter ein. Etter tre kampar mot Brodd, stod damelaget igjen som puljevinnarar i 4. divisjon 7’ar. Dermed fekk dei spela finale i krinsmeisterskapet i sin første sesong. Det blei tap mot Sandved i finalen, men damefotballen i Suldal var i gong!

I år har damene spelt 11’ar-fotball i 4. divisjon i nordfylket. Det vart nok ein del tøff motstand, men dei fekk også slått frå seg mot nokre av laga. Det er ein stor jobb å få treningar og kampar til å gå i hop. Det er nok ikkje fleire damer enn det må vera for å få sesongen gjennomført, og dermed har Petter måtta gjort mykje arbeid også utanfor treningsfeltet. Det er supert at han har ført skuta trygt i hamn i 2019. Arven hans må me ta godt vare på!

Takk for jobben!