Faktatid for herrene sin sesong. Her er Harde fakta 2019!
Håvard Fatnes og Mohammed I. Dawud spelte alle 17 kampane denne sesongen. Det viser at dei har prioriteringane i orden. Det vart ikkje 18 kampar, for det var eit lag som ikkje tok turen til Suldal i år også.
I år skal det seiast at det var mange som hadde prioriteringane i orden. Sjeldan er det så mange som har spelt eit så høgt antal kampar som i år. 13 spelarar har spelt 13 eller fleire kampar, og me har berre brukt 22 spelarar i år. Fire spelarar gjekk glipp av berre ein kamp. Kontinuitet har vist seg å løna seg i år!
På toppskårarlista var det ikkje særleg spennande. I år løsna det verkeleg for Tore B. Søraas, heile 15 mål blei det. Sjølvsagt hjelper det at han spelte heile 14 kampar også, og landa rett over 1 mål i snitt. Supersesong!
På tredelt 2. plass var det tre ulike karar som skåra fem mål kvar. Mohammed I. Dawud er ungdommen som viser at det bur mykje fotball i han. Jone Utbjoa, toppskårar i åra 2009-2019 held fram med å treffa målnettet sjølv om han nå spelar back. Sistemann med fem mål er ein heimvendt son som me har venta lenge på skal aksla og prega den gule trøya. I haust kom han i gong etter langvarig spel i Djerv 1919 og plagsomme skader. På åtte kampar skåra han fem gonger, der to var rett i mål frå hjørnespark. Me snakkar sjølvsagt om Øystein nærheim
12 spelarar noterte seg for totalt 47 mål.
Det er ikkje alle måla det er blitt registrert målgivande på, men 34 av måla har ein notert assist: Nemnde Mohammed I. Dawud og midtbanestrateg Knut H. Foldøy deler førsteplassen med fem målgivande kvar. Håvard Fatnes og Tore B. Søraas står med fire kvar.
Tore markerer seg også på råtasslista. Med eit raudt og to gule toppar han lista, mens nysigneringa Jon Eirik Liseth og Jone Utbjoa deler andreplassen med tre gule kort kvar. Ikkje alt er heilt nøyaktig på denne lista, nummer på dommarkorta har ikkje stemt 100%, men det er ikkje langt i frå rett.12 spelarar noterte seg for til saman eit raudt og 19 gule kort.
Årets spelar blei kåra på avslutninga etter siste kamp. Den prisen gjekk Jone Utbjoa av med. Han har vore eit førebilde både på trening og kamp, og er dønn seriøs i alt han gjer. Vel fortent!
Oversikt frå kamp til kamp finn de på Harde fakta 2019 kamp for kamp.
Her er tabellane:
Kampar | 2019 | ||
Suldal 1 | |||
Etternamn | Førenamn | # | |
1 | Dawud | Mohammed I. | 17 |
2 | Fatnes | Håvard | 17 |
3 | Aas | Vegard | 16 |
4 | Espe | Isak Berge | 16 |
5 | Mikkelsen | Jørgen Andre | 16 |
6 | Utbjoa | Jone | 16 |
7 | Underbakke | Ørjan | 15 |
8 | Foldøy | Knut Hoås | 14 |
9 | Liseth | Jon Eirik | 14 |
10 | Smithson | Christian | 14 |
11 | Søraas | Tore Bendiksen | 14 |
12 | Karlsen | Marcus | 13 |
13 | Steine | Torjus | 13 |
14 | Berge | Ingve | 10 |
15 | Dawud | Dawud I. | 10 |
16 | Nærheim | Øystein | 8 |
17 | Arias | Javier Milan | 3 |
18 | Nærheim | Knut | 3 |
19 | Steine | Bjørn Madland | 3 |
20 | Vaage | Erik | 3 |
21 | Lavalette | Lars Tveit | 2 |
22 | Mehus | Haakon E. | 1 |
Mål | 2019 | |
Suldal 1 | ||
Etternamn | Førenamn | # |
Søraas | Tore Bendiksen | 15 |
Dawud | Mohammed I. | 5 |
Nærheim | Øystein | 5 |
Utbjoa | Jone | 5 |
Berge | Ingve | 3 |
Foldøy | Knut Hoås | 3 |
Aas | Vegard | 2 |
Dawud | Dawud I. | 2 |
Fatnes | Håvard | 2 |
Steine | Torjus | 2 |
Underbakke | Ørjan | 2 |
Liseth | Jon Eirik | 1 |
Målgivande | 2019 | |
Suldal 1 | ||
Etternamn | Førenamn | # |
Dawud | Mohammed I. | 5 |
Foldøy | Knut Hoås | 5 |
Fatnes | Håvard | 4 |
Søraas | Tore Bendiksen | 4 |
Liseth | Jon Eirik | 3 |
Nærheim | Øystein | 3 |
Underbakke | Ørjan | 3 |
Utbjoa | Jone | 2 |
Aas | Vegard | 1 |
Berge | Ingve | 1 |
Dawud | Dawud I. | 1 |
Nærheim | Knut | 1 |
Råtassen | 2019 | ||
Suldal 1 | |||
Etternamn | Førenamn | Gule | Raude |
Søraas | Tore Bendiksen | 2 | 1 |
Liseth | Jon Eirik | 3 | 0 |
Utbjoa | Jone | 3 | 0 |
Aas | Vegard | 2 | 0 |
Foldøy | Knut Hoås | 2 | 0 |
Espe | Isak Berge | 1 | 0 |
Fatnes | Håvard | 1 | 0 |
Karlsen | Marcus | 1 | 0 |
Lavalette | Lars Tveit | 1 | 0 |
Smithson | Christian | 1 | 0 |
Underbakke | Ørjan | 1 | 0 |
Vaage | Erik | 1 | 0 |