Siste laurdagen i november skipa Suldal IL og Hjelmeland IL til sonesamling ved lysløypa på Mosvatnet. Agder Rogaland skikrets er delt inn i ulike soner og alle skiruppene i Ryfylke og Haugalandet høyrer til same geografiske sone.
Meininga var at denne samlinga skulle haldast på snø, men etter ein uvanleg tørr og til tider mild november, måtte ein reise over Haukeli for å finne skispor. For å få samlinga gjennomført utan alt for lang reiseveg blei det difor gjennomført ei barmarkssamling på stødige og fine forhold på frosne myrar og lett snødekte grusvegar i Gullingenområdet. Ein del av løparane frå Ryfylke hadde teke turen etter snø, men dei som var att fekk to gode kvalitetsøkter.
Samlinga var for alle – frå 1. klasse til ungdomsskuleelevar og eldre. Det blei delt inn i grupper etter alder, og forutan lokale trenarar hadde me fått med oss Jorunn Øye frå Sauda som hadde hovudansvaret for den eldste gruppa. Inspirerande med instruksjon og input frå ein tidlegare løpar på høgt nivå!

Med berrfrost og joggesko seint i november fekk idrettslaget òg ei svært hyggeleg overrasking på samlinga. Snøproduksjonsanlegg i lysløypa har nå vore under planlegging i eit par år og den største utfordringa med ei slik utbygging er finansieringa. Då er det utruleg kjærkome med nye tilskot og denne gongen var det Sparebanken Vest som bidrog med 500.000 blanke snøkroner! Dette var ekstra hyggeleg då SPV blei den nye hovudsponsoren til Suldal IL i år.

IMG_4154IMG_4157