I helga var Suldalgutgane- og jentene på Randaberg Score Cup i Randaberg Arena.

Sølv til J14!

Jentene gjorde ein god figur i den store innendørshallen dei er så heldige å ha på Randaberg, full kunstgrasbane under tak! Ørjan Underbakke har gjort ein framifrå jobb med jentene dei siste to åra, og avsluttar trenarjobben sin med dei med denne cupen. Han referer frå helga vidare i dette innlegget.

J13 Laurdag:

J13-laget kom til finalen i B-sluttspelet.

1.kamp: 0-1-tap mot Randaberg (2)

Jevn kamp med marginer imot. Litt nerver så me får ikkje roa oss med ballen. Innsats god, men manglar litt på presisjon. Me er ikkje heilt i gong enda.

2.kamp: 5-0-siger mot Mastra

Der var me på plass! 5-0-siger mot Mastra: Strålande spel og flotte scoringar. Her viste me godt kombinasjonsspel ved fleire anledningar: Tyri med 2  mål. Det eine på eit kjempebra langskot. Iqra med 3 mål og ein kanonkamp!

3.kamp: 2-0 siger mot Rennesøy

Siste pep-talk før kamp.

God kamp. Fantastisk fotredning på 2-0 av Henriette. God kriging.

Måla: Ella på fint driv opp venstrekant og ei god avslutning aleine med keeper. Tyrii på nok eit langskudd etter corner. Marie vinn ballen og den endar til slutt hos Tyri; tverrleggar og inn!

4.kamp: 0-13-tap mot Bryne

13-0 tap mot kretsmeisterar Bryne. Slitne bein, skadar undervegs og motstandarane var på eit eige nivå. Begge Bryne-laga enda i finalen. Me held motet oppe!

B-sluttspel: Semifinale: Siger-1-0  mot Randaberg 1

Marie med mål. Uheldig keeper. Ella på raid og bra innlegg.  Keeper fomlar og Marie er der! Alle krigar for å halda leiinga. Herleg opptur etter siste gruppespelskamp ?

B-finale: 0-2-tap mot Sandnes Ulf:

Måla kom 3 og 2 minutt før slutt. Tek med kriginga frå sist kamp. Stor vilje i heile laget og fantastisk kamp av Henriette! Slitne bein, var ikkje heilt venn med ballen i avgjerande situasjonar. Skuffa jenter.

På ein måte er det kjekt å sjå at skuffelsen er der ved tap. Det vitnar om vinnarvilje. Jentene har lagt ned eit fantastisk arbeid i dag og samspelet kjem til å bli betre og betre etterkvart. Alle har gjort ein god figur og med enda meir trening saman så kjem dette laget til å bli kjempesterkt! Dei har og vore kjekke å ha med å gjere?

J14

1. kamp: 0-5-tap mot Randaberg 1

Sølvmedaljen blir delt ut.

Skuffande prestasjon. Lite innsatsvilje og ingen spel. Som J13 så er me ikkje på frå start i den første kampen.

2. kamp: 5-0-siger mot Vardeneset

Ein prestasjon i andre enden av skalaen! Kjempefint kombinasjonsspel og duellstyrke. Herleg!  Kari med mål nummer 1. Mari med corner til sjølvmål. Frida 3-0, 4-0 Sunniva, 5-0. Mari.

3. kamp: 3-1 siger over Hinna 1

Frida med mål 1. God kontring etter godt press frå Hinna.  Fleire gode pasningar fører til at Frida er åleine med keeper. 1-1 Set ballen sikkert under keeper. Tyri scora mål nummer 2. Hinna pressar vidare på, men så får Stina kjempa til seg ballen, går forbi ein spelar til før ho tuppar ballen i mål. Kjempebra og sigeren og avansement til A-sluttspel er sikra!

Semi a-sluttspel: 1-0-siger over Hinna 2

Mot det andre Hinna-laget som var puljevinnar i den andre gruppa.

Sunniva scora etter at me speler oss fint gjennom og ho kjem aleine med keeper. Henriette med fleire viktige redningar som gjer at me held resultatet inn. Den viktigaste var ein fantastisk fotredning når Hinna-spissen blir spelt gjennom. Finale neste!

Finale: 1-3-tap mot Randaberg 2

To store sjansar til Suldal tidleg i første omgang. Me treffer ikkje heilt på avslutningane. Marginar imot i andre enden, og plutseleg står det 3-0 til Randaberg. Me held motet oppe etter pausen og vinn andre omgang 1-0 etter eit flott langskudd av Mari. Alle jobbar til siste sekund, men dessverre blei det ikkje fleire mål, og finalen enda med tap.

Som laget i går så har dei vore kjekke å vera med på cup! Ei dårleg oppleving i første kamp som dei klarte å rista av seg, og for ein prestasjon av jentene! 2. Plass på Randaberg cup er kanonbra! ??