Skigruppa har fått nytt utstyr til barmarkstrening.

Skigruppa til Suldal IL fekk ei flott gåve frå Sparbanken Vest under Hjertebank-utdelinga tidlegare i haust. Nå er gåva teken i bruk.

Den yngste treningsgruppa i skigruppa har dei siste gongene fått brukt putene, madrassene og Air Track-utstyret som er kjøpt inn til koordinasjon-, balanse-, spenst og turnøvingar. Plutseleg blir spensten så god, og det er ein leik å få luftige svev og landa mjukt. Ungane blir godt aktivisert, og utviklar vonaleg kroppsmedvitet sitt dualeg! Dette kan ein ta med seg ut i skiløypene nå når snøen har lagt seg i heia.

Ein takk til Jens Marcussen som har stått bak både søknad, innkjøp og utrulling av utstyr, og det er han som har leia dei første øktene og vist fram øvingar.