Alle medaljevinnarane i Nyttårscupen 2019.

Nyttårscupen 2019 vart arrangert måndag 30. desember i gymsalen på Vinjar skule.

Dersom me tek utgangspunkt i då gymsalen vart bygd, omlag i 1992, så kan ein rekna med at dette var omlag 27. gong cupen er arrangert.

Det er tredje året me har med damelag, og heldigvis blei det rekord i antal lag i denne klassen. I år var det fire lag, neste år skal me ha to puljer! På herresida var det kanskje litt færre med enn vanleg i år. Mange av veteranane hadde planlagt dårleg både med jobb, sjukdom og andre gjeremål, men me håpar dei er tilbake neste år. Det som er kjekt, er at det er fleire unge både jenter og gutar som hiv seg med. Dermed enda me på sju herrelag i år. Sjå full oversikt med bilde av alle heilt nederst i denne artikkelen.

Organiseringa vart litt annleis i år for at alle skulle få omtrent likt med kampar. Damene møtte kvarandre i vanleg puljespel først, før dei så møttes til semifinalar. Nr 1 og 3 spelte mot kvarandre, og nummer 2 og 4 spelte den andre semifinalen. Etter puljespelet var tabellen slik at plasseringa fulgte lagnummera. Lag 1 blei nummer 1, og så vidare. I semifinalane blei det likevel ikkje slik. Lag 1 med Sofie Helgeland Våge, Ane Hoås Foldøy og Anette Goa Bråtveit møtte lag 3 med ungdommane Siri Håranes Eide, Mari Indrebø og Ingri Helena Havrevoll. Ungdommane spelte, men lag ein kontrollerte inn ein 1-0-siger og gjekk til finalen.

Vinnarane av Nyttårscupen 2019 – damer: Sofie, Ane og Anette.

I den andre dame-semifinalen møtte lag 2 med Kristina Kvæstad, Anna Hoås Vold og Åshild Vårvik lag 4 med Mina Lunde, Kristine Bøe Berge og Helene Hammer Vaage. Her var Kristine i kjempeslag og putta tre ballar i mål, slik at lag 1 og 4 enda i finalen. Lag 2 og 3 møttest til bronsefinale. Her såg det ut til at lufta var gått ut av lag 2, og lag 3 sikra bronsen med 5-2-siger. I finalen viste det seg at dei som har vunne før hadde mest lyst til å vinna igjen. Lag ein sikra nok ein gong inn ein 1-0-siger  etter mål av Ane. Ho har nå vunne dame-cupen begge dei to gongene ho har vore med, mens Anette står med tre strake sigrar. Sofie var med for første gong, og dermed har alle desse tre damene vunne cupen kvar gong dei har vore med! Det må andre blanda seg inn i neste år!

I herreturneringa blei det to puljer, ei pulje med fire lag som spelte enkel serie, og ei pulje med tre lag som spelte dobbel serie. I den eine pulja viste lag 1 med Sveinung Steine, Ingve Berge og Jørgen Mikkelsen som det sterkaste med to sigrar og ein uavgjort. I den andre pulja fossa lag 5 med Øyvind Gjuvsland, Isak Berge Espe og Bjørnar Indrebø gjennom pulja med berre sigrar. Utan at dette er offisiell statistikk, så må vel Bjørnar vera toppskårar i turneringa i år. Han imponerte med stor treffsikkerheit på avslutningane sine denne dagen!

Dei to beste laga i kvar pulje gjekk vidare til semifinalar og finalar. Dei resterande tre laga møtte kvarandre til eit plasseringsspel der alle tre møtte kvarandre ein gong. Lag 2 med Neri Fisketjøn, Knut Hoås Foldøy og Ronny Mehus Rugland vann begge sine kampar, vann plasseringsspelet og kom på 5. plass. Godt gjort, sidan berre Knut på lag 2 stilte til siste kamp…

I semifinalane viste det seg at puljevinnarane var dei beste. I den første semifinalen møtte lag 1 lag 6 med Marcus Karlsen, Helge  S. Lauvsnes og Vidar Jørgensen Nærheim. Dette blei jamnt, og måtte avgjerast på sudden death. Lag 1 gjekk til finalen etter hat-trick av Jørgen som vanlegvis er målvakt, mens lag 6 gjekk til bronsefinalen og vann denne ganske greit med 4-0. I den andre semifinalen viste lag 5 klasse og slo lag 4 Torjus Steine, Olav Bakka Berge, Simmen Bratland og Bård Gundersen 3-0.

Vinnarane av Nyttårscupen 2019 – herrer: Øyvind, Bjørnar og Isak.

Herrefinalen blei ein jamn og spanande kamp. Laga låg og lurte på kvarandre og det stod 0-0 etter seks minutt spel. Det måtte sudden death til. Eit stykke uti forlenginga blei det duell mellom onkel og nevø Berge. Ingve og Isak gjekk i hop heilt på grensa til straffefeltet, og Isak enda i golvet. Dommar Christer Hansen var ikkje i tvil og dømde straffe. Ei avgjersle me nok ikkje treng VAR for å vera einig i. Christer og Svein Øystein Berge hadde god kontroll på dømminga i turneringa. Øyvind var mannen som skulle ta straffen, og den sette han trygt i mål. Dessverre var ikkje sekreteriatet Jon Bråtveit nøgd med spelarane si plassering i forkant av straffen. Målet blei annulert og Øyvind måtte ta ein ny straffe. Også denne gjekk i mål, og lag 5 viste seg som det beste laget og gjekk gjennom heile turneringa med berre sigrar.

Neste år håpar me på endå fleire damer og menn, og då må me kanskje sjå på om me skal gjera noko med kampoppsettet. Nokon lag måtte venta litt lenge mellom nokre av kampane i år, men me vonar dei kjem att neste år likevel.

Godt nyttår!

Damer 1
Sofie Helgeland Våge
Ane Hoås Foldøy
Anette Goa Bråtveit
Damer 2
Åshild Vårvik
Kristina Kvæstad
Anna Hoås Nerheim
Damer 3
Siri Håranes Eide
Mari Indrebø
Ingri Helena Havrevoll
Damer 4
Mina Lunde
Kristine Bøe Berge
Helene Hammer Vaage
Maskot
Lag 1
Jørgen Mikkelsen
Sveinung Steine
Ingve Berge
Lag 2
Ronny M. Rugland
Neri Fisketjøn
Knut H. Foldøy
Lag 3
Øystein Nærheim
Sindre Vik
Ørjan Underbakke
Lag 4
Torjus Steine
Olav Berge Bakka
Simmen Bratland
Bård Gundersen

Lag 5
Øyvind Gjuvsland
Bjørnar Indrebø
Isak Berge Espe
Lag 6
Helge S. Lauvsnes
Vidar J. Nærheim
Marcus Karlsen
Lag 7
Odd Åsgeir Lunde
Mohammed Ibrahim
Andreas Groven