Det nærmar seg årets karusell og dei planlagde datoane er:

1. karusell måndag 20. januar – klassisk
2. karusell tysdag 4. februar – fristil
3. karusell onsdag 19. februar – klassisk
4. karusell torsdag 5. mars – fristil


Dei under skulealder er aspirantar og går så langt dei vil. Frå 1. klasse kan ein velje om ein vil gå på tid eller om ein vil gå trimklasse utan tidtaking. Det er ikkje rangering for dei under 5. klasse. Premie, både frå Telenor og arrangør på siste rennet om ein har delteke på tre løp eller meir. Start frå kl. 17.00 for aspirantar og trim. Start kl. 18.00 for klassar med tidtaking. Viktig å møte opp i god tid på første karusellen.

Påmelding med navn, fødselsår, skuleklasse, idrettslag/grend og klasse (tid eller trim) til ski@suldal-il.no innan fredag 17. januar. Startkontigent kr. 200,- betalast på første renn (gjeld alle 4 renna.) Oppfordrar til Vipps av startkontigent på førehand til #121948 – Suldal IL. Oppdatert info vil du finne her på www.suldal-il.no
Erfjord IL, Hjelmeland IL og Suldal IL